Semesters

SOS251 Kunnskap om og arbeid med samansette livsproblem

Course code: 
SOS251
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Specialization level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2026 Spring
Assessment semester: 
2026 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite courses
SAFE154 Theory of science, method and project work
SOS155 Psychological topics
SOS156 Theory and working methods in social work
Course content

Sosialt arbeid er eit samansett kunnskapsfelt, og består ofte av arbeid med samansette problem i samansette system. For å kunne utøve tenester på fagleg og etisk forsvarlege måtar stillest det krav til sosionomen sin etikk, evne til analyse av situasjonar og kritisk refleksjon over spenningar som oppstår i tenesteutøvinga.

I møte med menneske med samansette problem er det ikkje alltid lett å vite kvar ein skal setje inn tiltak (først), og kva tiltak som kan fungere. Ofte krevjast tiltak på fleire livsområde. I mange tilfelle kjem det samansette til uttrykk i mellom anna rus og psykiske helseproblem.

I den første delen av emnet vil studentane derfor få meir kunnskap om psykiske helseproblem, forklaringsmodellar og ulike forståingar av korleis psykiske vanskar kan utvikle seg. Samtidige rus- og psykiske lidingar, og samanhengen mellom desse, vil også bli tematisert. Vidare vil studentane lære om handtering av slike problem i psykisk helsearbeid, der ein legg vekt på samanhengane mellom val av forståingsmåte og fagleg tilnærming/intervensjon. Det vert lagt vekt på kunnskapsbasert praksis og studentane si innsikt i dei forståingane og prinsippa som ulike kunnskapsbaserte tiltak byggjer på. Vidare skal emnet gje studentane eit grunnlag for å kunne setje seg inn i og vurdere tiltak og kunnskapsbidrag på feltet i framtida.

I den andre delen av emnet vil ein fokusere på sosionomen sin evne til refleksjon over kva slags kunnskap som skal vere avgjerande for hjelp i konkrete møte med brukarar som har samansette livsproblem. Ideal som myndiggjering, brukarmedverknad og aktivering har brei politisk og institusjonell oppslutning, samtidig som forskingslitteraturen syner at slike ideal også kan skape spenningar i praksisfeltet, der profesjonsutøvaren skal iverksette politikken i andlet-til-andlet-relasjonar. I navigasjonen mellom systemet sine krav, individet sine ønsker, og sosionomen sine faglege vurderingar kan det dermed oppstå spenningar som krevjar at sosionomen har evne til analyse, kritisk og etisk refleksivitet for å kunne navigere fram til gode løysningar for brukarane.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten:

  • Har brei kunnskap om psykisk helse- og rusproblem, livskriser og overgangar og korleis helsemessige, sosiale og sosioøkonomiske utfordringar samspelar
  • Har brei kunnskap om psykisk helsearbeid, rusbehandling og sosialt arbeid, og verdien av tverrfagleg samarbeid
  • Har kunnskap om rettsreglar for behandling og tvang i psykisk helsearbeid
  • Har kunnskap om korleis marginalisering og utanforskap får konsekvensar for menneske med samansette livsproblem og om arbeidsmarknaden som inkluderande og ekskluderande arena
  • Har kunnskap om rehabilitering og aktivering av menneske med samansette livsproblem, og om dilemma som kan oppstå i dette arbeidet, deriblant mellom instrumentelle føremål i politikk og organisasjonar og ideal om brukarmedverknad og myndiggjering
  • Kjenner til nyare forsking, nytenking og innovasjonsprosessar i sosialt arbeid med menneske med samansette livsproblem, og kan oppdatere sin kunnskap om relevante fagdebattar, forskings- og utviklingsarbeid
Learning outcome skills

Studenten:

  • Kan vurdere risiko for uønskte hendingar, og kjenne til metode for å følgje opp dette systematisk
  • Kan utvise dømmekraft i situasjonar med manglande og eller motstridande informasjon og identifisere moglegheitsrom innanfor ulike profesjonelle og institusjonelle kontekstar
  • Kan nytte fagleg kunnskap om menneske med samansette livsproblem for å fremje meistring og endring i samarbeid med enkeltpersonar, familiar, grupper og samarbeidspartnarar
  • Kan nytte fagleg kunnskap om aktiveringsarbeidet til å reflektere etisk og kritisk over eiga yrkesrolle, og møte arbeidssøkarar, arbeidsgivarar og samarbeidspartnarar på ein medviten og profesjonell måte
  • Kan nytte sosialfagleg kunnskap, metodar og verdiar i aktiverande samhandling og samarbeid med menneske med samansette livsproblem på ein profesjonell og tillitsvekkjande måte
  • Kan reflektere kritisk over rammene for yrkesutøvinga, og reflektere over korleis faglege perspektiv og verdiar kan brukast på nye område, og bidra til nytenking, tenesteinnovasjon og tenestebetrande arbeidsprosessar
Learning outcome qualification

Studenten:

  • Kan planleggje og gjennomføre kunnskapsbasert praksis sjølvstendig og saman med andre på ein etisk og fagleg forsvarleg måte i møte med samansette livsproblem og systemutfordringar
  • Har innsikt i teoretiske, etiske og praktiske perspektiv som kan nyttast til å forstå og handtere yrkesrelevante problem og utfordringar
  • Har innsikt i sosionomen si rolle i hjelpeapparatet og dei rettsreglane som regulerer arbeid med menneske med samansette livsproblem
  • Kan formidle og utveksle synspunkt om kunnskap og grunngjevne arbeidsmåtar relevant for arbeid med menneske med samansette livsproblem
Working and learning activities

Undervising, seminar, gruppearbeid og øvingar, eigenstudiar og individuell førebuing til seminar. Delar av undervisinga er organisert felles for barnevernspedagog- og sosionomstudiet.  

Assessment requirements

Obligatorisk frammøte
Alle læringsaktivitetar i emnet er obligatoriske. Ein må ha minimum 80 % frammøte til organiserte læringsaktivitetar. Vi viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 6-6.

Arbeidskrav
Det er arbeidskrav i emnet. Desse er knytt til temaene samansette livsproblem, samansette system og sosionomen si profesjonsrolle. Arbeidskrava vert gjennomført munnleg og i gruppe. Arbeidskrava skal skrivast/gjennomførast på norsk. Nærare informasjon vil gå fram i Canvas. Vi viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 6-7

Evaluation system
Maximum number of students: 
70
Person in charge: 
Erlend Walseth
Used in other programs
  • Social Work - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Home exam
Individual
5 Days
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
3000-4500 ord
Approval signature: 
Randi Bergem 01.03.2023