Semesters
SOS252 Bacheloroppgåve i sosialt arbeid - sosionom
I emnet skal studentane tileigne seg og skape kunnskap om eit sjølvvalt tema. Kunnskapen skal framstillast gjennom ei skriftleg oppgåve innan ein akademisk sjanger. Oppgåva kan skrivast individuelt eller i gruppe. Temaet må vere relevant for sosionomen si profesjonsutøving og drøftast i lys av relevant teori, forsking og eventuell empiri.
Oppgåva kan vere empirisk eller teoretisk. Eventuell datainnsamling kan berre skje etter ein student har fått tildelt rettleiar. Dette kan skje før emnet tek til. Resultatet av arbeidet er ein akademisk tekst der empiriske oppgåver har den vitskaplege artikkelen som mal, medan oppgåver utan empiri har fagartikkelen som mal.
Innhald
Gjennom sjølvstudium, samarbeid med andre studentar, rettleiing og undervisning skal studentane tilegne seg kunnskapar og ferdigheiter som gjer dei i stand til å drøfte problemstillinga si:
- i eit teoretisk og praktisk perspektiv.
- på ein kunnskapsbasert basis.
- på ein måte som viser analytisk og etisk kompetanse.
- innanfor rammene til akademisk skriving og såleis vise at studenten meistrar formelle og metodiske krav til eit fagleg arbeid av dette omfanget.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
- Har brei kunnskap om både profesjonell og erfaringsbasert kunnskap, herunder brukarkunnskap, i sosialt arbeid
- Kjenner til faget sine vitskapsteoretiske posisjonar, og kunnskapsutvikling
- Kjenner til samfunnsvitskapeleg metode og den sine mogelegheiter og avgrensingar
- Kjenner til forskings- og utviklingsarbeid relevant for sosialt arbeid, nasjonalt og internasjonalt
Studenten:
- Kan kombinere teoretisk, forskingsbasert og erfaringsbasert kunnskap i oppgåveskriving.
- Kan finne, vurdere og vise til relevant informasjon og fagstoff og framstille dette skriftleg.
- Kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre.
Studenten:
- Har innsikt i og kan reflektere kritisk over sin profesjonelle rolle i møte med institusjonelle og politiske krav.
- Kan formidle faget og bidra til utvikling av god praksis.
- Kan formidle fagleg kunnskap som fremmer likeverd og mangfald og bidrar til likestilling, inkludering, mestring og deltaking i kvardag, skule og arbeidsliv.
Emnet består i all hovudsak av sjølvstudium, men med innslag av rettleiing, gruppeaktivitetar og undervisning.
Studenten skal sjølv velje tema, problemstilling og avgrensing for oppgåva. Det vert gitt tilbod om rettleiing på basis av og under føresetnad av studenten sitt sjølvstendige arbeid.
Frammøtekrav:
Det er ikkje krav til frammøte i emnet.
Arbeidskrav:
Følgjande arbeidskrav må vere gjennomførte og godkjende:
- Presentere eige prosjekt
- Gi respons på andre sine prosjekt
- Gruppearbeidskrav: levere referat frå responsprosessen
Alle arbeidskrav skal skrivast/gjennomførast på norsk. Nærare retningslinjer vil gå fram av informasjon i Canvas. Vi viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-7 om arbeidskrav.
- Social Work - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Bachelor's thesis | Individual or Group exam | 1 Semester | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 50 | Studenten/studentane vel sjølv om eksamensbesvarelsen vert skrive på norsk eller engelsk. | 9000 ord. | |
Oral examination | Individual | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 50 | Varighet inntil 30 minutt. Studenten vel sjølv om den munnlege eksamenen vert halde på norsk eller engelsk. |