Semesters
SPP304 Åtferd og læringsmiljø
Ingen
I emnet er omgrepa åtferd og læringsmiljø og samanhengen mellom dei hovudsak. Siktemålet er å gi innsyn i korleis desse omgrepa og relasjonane mellom dei kan legge eit grunnlag for inkluderande opplæring i barnehage og skule. Studentane får omfattande kunnskapar om årsaker og tiltak som gjeld vedvarande utfordringar i arbeidet i barnehage og skule; at nokre syner ei åtferd som hemmar eiga utvikling og læring. I mange høve kan slik åtferd også forstyrre eller hindre verksemda i gruppa eller klassen. Læringsmiljø er eit omfattande omgrep, ofte forstått som kulturelle, relasjonelle og fysiske tilhøve i barnehage og skule som er vesentlege for læring, helse og trivsel. Studentane skal tileigne seg innsikt i kva samanhengar det kan vere mellom kvaliteten på læringsmiljøet og ulike åtferdsuttrykk som kjem til syne i ulike situasjonar. Det gjeld særleg korleis legge læringsmiljøet til rette for å skape gode vilkår for læring og utvikling i ein inkluderande kontekst for alle.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kandidaten
- har avansert kunnskap om ulike teoretiske perspektiv om åtferd og læringsmiljø
- har grundig kunnskap om relasjonen mellom åtferd og læringsmiljø i barnehage og skule
- har inngåande kunnskap om endrings- og implementeringsprosessar knytt til åtferd og læringsmiljø i barnehage og skule
Kandidaten
- kan analysere og forstå åtferd både i eit individ- og eit systemperspektiv
- kan ta i bruk kunnskap om korleis skape inkluderande læringsmiljø i pedagogisk praksis
- kan anvende kunnskap om implementering for å legge til rette for gode endringsprosessar for å betre praksisen i barnehage og skule
Kandidaten
- kan leie læringsarbeid gjennom å auke kapasiteten til å handtere utfordringar knytt til åtferd i barnehage og skule.
- kan reflektere kring sambandet mellom barn, unge og vaksne sine ulike åtferdsuttrykk og kvalitetenen på læringsmiljøet
Emnet er organisert med samlingar over to dagar om lag kvar fjerde veke. Arbeidsmåtane i emnet vil veksle mellom førelesingar, seminar og gruppearbeid. Studentaktive arbeidsformer på samlingane vil bli vekta.
Frammøte
- Det er krav om 70 % frammøte til all undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda
Arbeidskrav
- Eit skriftleg arbeidskrav i gruppe, der ei teoretisk drøfting av sentrale tema i emnet er hovudsak.
- Individuell munnleg presentasjon av eit sjølvvalt tema. Presentasjonen skal vere digital.
- Ein individuell skriftleg opposisjon på eit munnleg arbeidskrav.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
- Master in Special Education
- Special Education
- Special Education
- Special Education - master
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Home exam | Individual | 1 Week | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | Oppgåva skal vere på 4000 ord +/- 10%. |