Semesters

SPP306D Masteroppgåve, deltid

Course code: 
SPP306D
Duration: 
3 semesters
Credits (ECTS): 
45
Level of study: 
Master
Course name in Norwegian Nynorsk: 
Masteroppgåve, deltid
Teaching semester: 
2025 Spring
2025 Autumn
2026 Spring
Course name in Norwegian Bokmål: 
Masteroppgave
Assessment semester: 
2026 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Fullført og bestått dei første fire emna i mastergraden med minimum karakter C i snitt. 

Masteroppgåva kan ikkje leverast før ein har stått eksamen i alle dei øvrige emna i masterprogrammet.

Course content

Mastergradsoppgåva skal vere eit individuelt, sjølvstendig vitskapleg arbeid med relevans for spesialpedagogisk arbeid i barnehage og/eller skule. Oppgåva skal omfatte planlegging og gjennomføring av eit forskingsprosjekt og rapportering av det gjennom ei masteroppgåve. Normalt skal masteroppgåva også omfatte ei empirisk undersøking, enten frå eiga undersøking eller data frå andre kjelder. Det er opning for at oppgåva kan vere knytt til pågåande FoU-arbeid ved HVO.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har kandidaten følgjande læringsutbytte etter fullført emne

Learning outcome knowledge

Kandidaten

  • har avansert kunnskap om formelle krav til ei vitskapleg oppgåve
  • har inngåande kunnskap om aktuell forskings-, teori- og metodediskusjon med relevans for problemstillinga i oppgåva
  • har avansert kunnskap om eit avgrensa forskingsfelt som oppgåva tek opp
Learning outcome skills

Kandidaten

  • kan utvikle spesialpedagogiske, forskbare problemstillingar
  • kan finne, presentere og kritisk vurdere teori og empiri som er relevant for prosjektet
  • kan bruke vitskaplege arbeidsmåtar for å gjennomføre eit sjølvstendig forskingsprosjekt
  • kan vurdere og ivareta etiske problemstillingar i forskingsprosjektet
Learning outcome qualification

Kandidaten

  • kan analysere problemstillingar i sitt fagområde og bidra til utvikling av fagområdet
  • kan formidle sjølvstendig arbeid og meistre fagområdet sin terminologi
  • kan gjennomføre individuelle og kollektive forskingsprosjekt
Working and learning activities

Det vert gjennomført to samlingar, kvar over to dagar. Det er krav om 70% frammøte til all undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 6-6.

Studenten skal under rettleiing utarbeide ein forskingsplan. Forskingsplanen må vere godkjent før sjølve oppgåvearbeidet kan starte.

Masteroppgåva skal gjennomførast som individuelt arbeid med rettleiing. Kvar student får oppnemnt rettleiar. Rettleiinga skal nyttast til å drøfte tekstutkast, val av litteratur, gje praktiske råd om eventuell datainnsamling, og sikre at forskingsetiske retningsliner vert følgde. Noko av rettleiinga kan bli gjort i seminar med fleire studentar og rettleiarar i lag.

Det blir gitt nærare retningsliner for masteroppgåva. 

Det er tre arbeidskrava i emnet, alle er skriftlege: 

  • Førebels forskingsplan med fokus på problemstilling. 
  • Endeleg forskingsplan med fokus på forskingsmetode. 
  • Kunnskapsgrunnlag og forskingsmetode.  
Assessment requirements
  • Tilstrekkeleg frammøte
  • Bestått eksamen i SPP305 Vitskapsteori og forskingsmetode
  • Alle arbeidskrav godkjende
Evaluation system
Maximum number of students: 
50
Person in charge: 
Stein Conradsen
Used in other programs
  • Master in Special Education
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Master's thesis
Individual
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Nærare retningslinjer for oppbygging og innhald vert gitt på samlingane.
32 000 ord +/- 10 % Samandrag, føreord, innhaldsliste, litteraturliste og eventuelle vedlegg kjem i tillegg.
Approval signature: 
Silje Ims Lied