Semesters
TOD102 Teaterkunnskap
Ingen.
Emnet er eit introduksjonsemne til arbeid med tekst og teater, og har fokus på å gje studentane kompetanse i å lese og forstå dramatikk.
Undervisninga gir ein introduksjon til utvaldte delar av det europeiske teatret si historie, i tillegg til ei innføring i akademisk skriving og analyse.
Studentane vil jobbe med:
- Tekstforståing og dramaturgi.
- Teaterkunnskap.
- Praktisk arbeid knytt til utvalde sjangrar og epoker.
- Akademisk skriving og tekstanalyse.
- Diskusjon og iscenesetjing av utdrag frå ulike skodespel.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har grunnleggjande kunnskap om utvalde delar av den europeiske teaterhistoria
- har grunnleggjande kunnskap om teaterorientert tekstanalyse og akademisk skriving
- har kunnskap om utvalde teaterepokers spelestil og kommunikasjonsform
Studenten
- kan nytte kunnskapane til å diskutere dramatikk knytt til teaterhistoriske periodar
- har grunnleggjande ferdigheiter i akademisk skriving, og tolking og analyse av dramatiske tekstar
- kan nytte analyse og tolking til å framstille scenisk materiale
Studenten
- kan formidle sentralt fagstoff både skriftleg, munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformer.
Undervisninga er eit samspel mellom teoretisk, praktisk og sjølvstendig arbeid, og er samansett av:
- seminar og verkstader
- framsyningar
- gruppearbeid
- individuelt arbeid
Det vil arrangerast obligatoriske visningar, såkalla Husteater, for eit ope publikum.
Frammøtekrav:
- All undervisning er obligatorisk, og oppmøtet må vere av ei aktiv deltakande art.
Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6.
Arbeidskrav:
- Ei individuel oppgåve, knytt til dramatikk på 2000 ord, med obligatorisk rettleiing
- Ei godkjend framsyning på Husteater.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Theatre and Drama - bachelor
- Theatre and Drama - year course
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Home exam | Individual | 7 Days | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | Digital eksamen. Eit individuelt essay. | Alle | 2000 ord |