Semesters

UL306D Masteroppgåve, deltid

Course code: 
UL306D
Duration: 
3 semesters
Credits (ECTS): 
45
Level of study: 
Master
Course name in Norwegian Nynorsk: 
Masteroppgåve, deltid
Teaching semester: 
2022 Spring
2022 Autumn
2023 Spring
Course name in Norwegian Bokmål: 
Masteroppgave, deltid
Assessment semester: 
2023 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Curriculum: 

 

Rienecker, L. &  Stray Jørgensen, P. (2013). Den gode oppgaven : Håndbok i oppgaveskriving på universitet og høyskole. Bergen: Fagbokforlaget.

(OBS: Berre ein tittel er pensum til emnet, fordi studenten nyttar pensum frå UL305)

 

Required prerequisite knowledge

Fullført og bestått dei første fire fagemna i mastergraden.

Masteroppgåva kan ikkje leverast før ein har stått eksamen i UL305 Vitskapsteori og forskingsmetode.

Course content

Mastergradsoppgåva skal vere eit individuelt, sjølvstendig vitskapleg arbeid med relevans for arbeid i barnehage og skule. Oppgåva skal omfatte planlegging og gjennomføring av eit forskingsprosjekt og rapportering av det gjennom ei masteroppgåve. Normalt skal masteroppgåva også omfatte ei empirisk undersøking. Det er opning for at oppgåva kan vere knytt til pågåande FoU-arbeid ved HVO.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne

Learning outcome knowledge

Studentane skal ha inngåande kunnskap om

  • formelle krav til en vitskapleg oppgåve
  • aktuell forskings-, teori- og metodediskusjon med relevans for problemstillinga i oppgåva
  • eit avgrensa forskingsfelt som oppgåva tek opp
Learning outcome skills

   Studentane skal kunne

  • bruke vitskaplege arbeidsmåtar for å gjennomføre eit sjølvstendig forskingsprosjekt
  • velje relevant teori som reiskap i forskingsprosjektet
  • bruke føremålstenlege forskingsmetodar som bidreg til haldbare konklusjonar
  • vurdere og handtere etiske problemstillingar i forskingsprosjektet
Learning outcome qualification

Studentane kan

  • analysere problemstillingar innan sitt fagfelt og bidra til utvikling av fagområdet
  • formidle sjølvstendig arbeid og meistre fagområdet sin terminologi
  • vere deltakar i individuelle og kollektive forskingsprosjekt
Working and learning activities

Det vert gjennomført to prosjektseminar/samlingar over to dagar, samt ein dag digital undervisning, alle med obligatorisk deltaking. Studenten skal under rettleiing utarbeide forskingsplan. Forskingsplanen må vere godkjent før sjølve oppgåvearbeidet kan starte.

Oppgåva skal  gjennomførast som individuelt arbeid med rettleiing. Rettleiinga er ein vesentlig del av arbeidet med masteroppgåva. Kvar student får oppnemnt rettleiar. Rettleiinga skal nyttast til å drøfte tekstutkast, val av litteratur, gje praktiske råd om eventuell datainnsamling, og sikre at forskingsetiske retningsliner vert følgde.

Assessment requirements

Godkjend forskingsplan i eit omfang på om lag 2000 ord.

Eit førsteutkast til kunnskapsgrunnlag og metode på minst 7000 ord skal leverast og godkjennast i løpet av første semesteret. 

Tidspunkt for levering vert gitt i starten av første semesteret.

Det er obligatorisk frammøte til samlingane.

Evaluation system
Maximum number of students: 
54
Person in charge: 
Stein Conradsen
Kari Bachmann
Used in other programs
  • Master of Education
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Master's thesis
Individual
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Nærare retningslinjer for oppbygging og innhald vert gitt på samlingane.
Om lag 32 000 ord +/- 10 % (samandrag, føreord, innhaldsliste, litteraturliste og eventuelle vedlegg kjem i tillegg).
Approval signature: 
Arne Myklebust