Semesters

UL306D Masteroppgåve, deltid

Course code: 
UL306D
Duration: 
3 semesters
Credits (ECTS): 
45
Level of study: 
Master
Teaching semester: 
2021 Spring
2021 Autumn
2022 Spring
Assessment semester: 
2022 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Fullført og bestått dei første fire emna i mastergraden med karakter C i snitt. Jf.  studieplan for Master i undervisning og læring, opptakskrav pkt 8. I tillegg til dei obligatoriske emna UL301 og UL302 gjeld dette dei to studiespesialiserande emna i anten matematikk, norsk eller spesialpedagogikk, ULMA/NO/SP303 og ULMA/NO/SP304.

Masteroppgåva kan ikkje leverast før ein har stått eksamen i UL305 Vitskapsteori og forskingsmetode.

Course content

Mastergradsoppgåva skal vere eit individuelt, sjølvstendig vitskapleg arbeid innanfor den spesialiseringa studenten er oppteken på, og ha relevans for arbeid i barnehage og skule. Oppgåva skal omfatte planlegging og gjennomføring av eit forskingsprosjekt og rapportering av det gjennom ei masteroppgåve. Normalt skal masteroppgåva også omfatte ei empirisk undersøking. Det er opning for at oppgåva kan vere knytt til pågåande FoU-arbeid ved HVO.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne

Learning outcome knowledge

Studentane skal ha inngåande kunnskap om

  • formelle krav til en vitskapleg oppgåve
  • aktuell forskings-, teori- og metodediskusjon med relevans for problemstillinga i oppgåva
  • eit avgrensa forskingsfelt som oppgåva tek opp
Learning outcome skills

   Studentane skal kunne

  • bruke vitskaplege arbeidsmåtar for å gjennomføre eit sjølvstendig forskingsprosjekt
  • velje relevant teori som reiskap i forskingsprosjektet
  • bruke føremålstenlege forskingsmetodar som bidreg til haldbare konklusjonar
  • vurdere og handtere etiske problemstillingar i forskingsprosjektet
Learning outcome qualification

Studentane kan

  • analysere problemstillingar i sitt fagområde og bidra til utvikling av fagområdet
  • formidle sjølvstendig arbeid og meistre fagområdet sin terminologi
  • vere deltakar i individuelle og kollektive forskingsprosjekt
Working and learning activities

Det vert gjennomført to prosjektseminar/samlingar over to dagar, med obligatorisk deltaking. Studenten skal under rettleiing utarbeide forskingsplan. Forskingsplanen må vere godkjent før sjølve oppgåvearbeidet kan starte.

Oppgåva skal  gjennomførast som individuelt arbeid med rettleiing. Rettleiinga er ein vesentlig del av arbeidet med masteroppgåva. Kvar student får oppnemnt rettleiar. Rettleiinga skal nyttast til å drøfte tekstutkast, val av litteratur, gje praktiske råd om eventuell datainnsamling, og sikre at forskingsetiske retningsliner vert følgde.

Assessment requirements

Godkjend forskingsplan i eit omfang på om lag 2000 ord.

Eit førsteutkast til kunnskapsgrunnlag og metode på minst 7000 ord skal leverast og godkjennast i løpet av første semesteret. 

Tidspunkt for levering vert gitt i starten av første semesteret.

Det er obligatorisk frammøte til dei to samlingane.

Evaluation system
Maximum number of students: 
54 Merknad til tal studentar: 18 plassar knytte til kvar av spesialiseringane i mastergraden (3x18) Skal sjåast i samanheng med UL306
Person in charge: 
Peder Haug
Used in other programs
  • Master of Education
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Master's thesis
Individual
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Nærare retningslinjer for oppbygging og innhald vert gitt på samlingane.
Om lag 32 000 ord +/- 10 % (samandrag, føreord, innhaldsliste, litteraturliste og eventuelle vedlegg kjem i tillegg).
Approval signature: 
Arne Myklebust