Semesters

ULEENG3A Engelsk ordkunnskap og ordlæring

Course code: 
ULEENG3A
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Master
Course name in Norwegian Nynorsk: 
Engelsk ordkunnskap og ordlæring
Teaching semester: 
2024 Autumn
Assessment semester: 
2024 Autumn
Language of instruction: 
English
Required prerequisite knowledge

Ingen. 

Course content

Engelsk ordkunnskap og ordlæring gjev studenten avansert kunnskap i engelsk leksikologi og morfologi: kva ord er, kvar dei kjem frå, korleis dei er strukturerte og korleis dei blir lærte. Emnet gir også inngåande kunnskap om engelsklæring og engelskdidaktikk knytt til ordlæring, med vekt på korleis ein kan leggje til rette for og stimulere elevane si utvikling av ordtilfang. Praksisperspektivet er gjennomgåande i emnet. I tillegg bur emnet studenten på sjølvstendig vitskapleg arbeid, både innanfor dette feltet og generelt.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Etter fullført emne har studenten inngåande kunnskap om:

  • engelsk leksikologi: ordopphav, -struktur, -tyding og relasjonar mellom ord
  • historia til ordtilfanget i engelsk, og korleis denne speglar engelsk språk sitt historiske opphav og multikulturelle posisjon
  • morfologisk struktur og mønster i engelske ord
  • korleis morfologisk struktur speglar semantisk innhald og kan nyttast til å tolke ukjende ord
  • tileigning og utvikling av ordtilfang, med vekt på likskap og skilnad mellom eit første- og andrespråksperspektiv
  • korleis ord og infomasjom om ord er strukturert og organisert i minnet
  • undervisning som legg til rette for tileigning og læring av ordtilfang i eit andrespråksperspektiv, tilpassa ulike elevar sine føresetnadar og behov
  • profesjonsretta forsking og akademisk skriving
Learning outcome skills

Etter fullført emne kan studenten: 

  • reflektere over korleis ein kan bruke identifiserbare morfem til å tolke ukjent ordtilfang
  • systematisk øve opp evna hjå andre til å bruke identifiserbare morfem til å tolke ukjent ordtilfang
  • planlegge og gjennomføre varierte og forskingsbaserte undervisningsopplegg som legg til rette for elevane si tileigning av ordtilfang
  • systematisk og medvite integrere tileigning av ordtilfang i ulike læringsprosessar
  • nytte ordtilfanget i engelsk til å synleggjere dei multikulturelle røtene til engelsk språk, og engelsk si rolle som eit verdsomfattande lingua franca
Learning outcome qualification

Etter fullført emne kan studenten: 

  • reflektere på eit avansert nivå over eigen praksis i lys av etiske grunnverdiar og skulens ansvar for den personlege veksten hjå barn og unge
  • arbeide sjølvstendig og saman med andre for på eit teoretisk og erfaringsbasert grunnlag løyse identifiserte problem knytte til elevar si læring og utvikling i engelskfaget
  • halde ved like og utvikle sin eigen språklege, kulturelle, didaktiske, og forskingsretta kompetanse
  • forstå og halde seg til normene for akademisk tekstproduksjon, ansvarleg kjeldebruk og personvern
  • bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte med evne til refleksjon og kritisk tenking
Working and learning activities

Undervisningsformene vekslar mellom plenumsforelesing, seminar, arbeid i grupper og individuelt arbeid. 

Assessment requirements

Frammøtekrav:

Krav om 70% frammøte/deltaking til obligatorisk undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6. Studentane skal delta aktivt i undervisinga. 

Arbeidskrav:

  1. halde eit seminarinnlegg over avtalt tema innan engelsk vokabular
  2. eit førsteutkast (1000 ord +/- 10%) til eit individuelt essay som skal skrivast på engelsk. Tema for dette essayet må vere drøfta med og godkjent av emneansvarleg. 

Kvar student har rett til eitt rettleiingsmøte med forelesar/rettleiar, i tillegg til tilbakemelding på førsteutkastet. 

Oppgåvene skal leverast til oppsett tidsfrist. Studenten får eitt høve til å forbetre oppgåver som ikkje oppfyller krava. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.

Evaluation system
Maximum number of students: 
20
Person in charge: 
Vibeke Jensen
Used in other programs
  • Teaching and learning - experience-based master's degree
  • Teaching and learning - experience-based master's degree (part-time)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individual
Semesters
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Ei skriftleg oppgåve på 3000 ord (basert på innlevert førsteutkast). Oppgåva/essayet skal skrivast på engelsk.
Ei skriftleg oppgåve på 3000 ord (basert på innlevert førsteutkast). Oppgåva/essayet skal skrivast på engelsk.
Adjusting oral examination
Individual
30 Minutes
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Ein munnleg eksamen som tek utgangspunkt i både oppgåva og pensum
Den innleverte oppgåva
Approval signature: 
Arne Myklebust