Semesters
ULEMA3C Problemløysing og modellering i matematikk
Ingen.
Matematikk vert brukt som reiskap i problemløysing i ulike samanhengar, både innanfor og utanfor matematikken sine eigne grenser. Matematisk modellering står ofte sentralt når matematikk vert nytta slik. Problemløysing og modellering er også viktige i eit læringsperspektiv; det ligg godt til rette for individuell elevtilpassing og inkludering i begge temaområda.
Temaet vert analysert teoretisk og gjennom praktisk øving. I øvingane vert munnleg og skriftleg kommunikasjon, som er grunnleggjande ferdigheiter i faget, vektlagt. Bruken av verktøy er sentralt i modellering, særleg digitale verktøy. Tenleg bruk av verktøy i samband med modellering og læring vert handsama.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- skal ha inngåande teoretisk og praktisk kunnskap om matematisk problemløysing både som reiskap og som del av læringsprosessar
- skal ha inngåande teoretisk og praktisk kunnskap om matematisk modellering brukt som verktøy for å løyse praktiske problemstillingar og som del av læringsprosessar
- skal ha inngåande kunnskap i bruk av verktøy i samband med problemløysing og modellering
- skal ha inngåande kunnskap om bruk av problemløysing og modellering i matematikkfaget
Studenten
- skal kunne bruke digitale verktøy i problemløysing og matematisk modellering
- skal kunne konstruere, tolke og vurdere enkle matematiske modellar i samband med praktiske problemstillingar
- skal kunne nytte matematiske problemløysingsmetodar
- skal kunne bruke matematisk problemløysing og modellering i arbeid med tilpassa opplæring og inkludering, og kunne vurdere slik bruk
- skal kunne analysere elevar sine munnlege ytringar og matematiske tekstar
Studenten
- skal kunne dokumentere og evaluere arbeid med problemløysing og modellering i skulen
- skal kunne ta aktiv del i faglege og utdanningspolitiske diskusjonar knytt til problemløysing og modellering
Arbeidsmåtane i emnet vil veksle mellom førelesingar, seminar og arbeid i mindre grupper.
Frammøtekrav:
Krav om 70 prosent frammøte/deltaking til obligatorisk undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6.
Arbeidskrav:
- Individuell eller gruppevis skriftleg og munnleg presentasjon av utvalde artiklar frå pensum.
- Eit større arbeid med å lage ein matematisk modell innanfor eit sjølvvalt emne. Omfang om lag 4000 ord. Det skal brukast digitale verktøy.
Eit eige notat med detaljane i arbeidskrava vert utlevert ved studiestart.
- Teaching and learning - experience-based master's degree
- Teaching and learning - experience-based master's degree (part-time)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oral examination | Individual | 40 Minutes | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 |