Semesters
ULEMGOPPGD Master's thesis
For spesialisering i norsk: ULENO3A, ULENO3B ULEMGVF
For spesialisering i matematikk: ULEMA3A, ULEMA3B og ULEMGVF
For spesialisering i samfunnsfag: ULESA3A, ULESA3B og ULEMGVF
For spesialisering i engelsk: ULEENG3A, ULEENG3B, og ULEMGVF
Kandidaten skal planlegge og gjennomføre eit forskingsprosjekt og dokumentere dette i ei masteroppgåve med krav om vitskapleg framstilling. Masteroppgåva skal vere eit individuelt, sjølvstendig vitskapleg arbeid. Oppgåva skal ha ein klar relevans for grunnskulen, vere fagdidaktisk og knytt til skulefaget studenten tek fordjuping i. Kunnskapsgrunnlag skal hentast frå masterfaget. Det er opning for at oppgåva kan vere knytt til pågåande FoU-arbeid ved Høgskulen i Volda.
Masteroppgåva skal vere profesjonsretta og forskingsbasert og solid forankra i fagdidaktisk forsking i masterfaget. Masteroppgåva skal vere eit sjølvstendig arbeid med vanlege krav til vitskapleg framstilling.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har avansert kunnskap innanfor fagområdet og spesialisert innsikt i eit avgrensa område
- har inngåande kunnskap om vitskapeleg teori og metodar i masterfaget
- kan anvende fagdidaktisk og undervisningsretta kunnskap på nye område innanfor fagområdet
- kan analysere faglege problemstillingar med utgangspunkt i masterfaget sin historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet
Studenten
- kan analysere og vere kritisk til ulike informasjonskjelder og anvende desse til å strukturere og formulere faglege resonnement
- kan analysere eksisterande teoriar, metodar og fortolkingar i masterfaget og arbeide sjølvstendig med praktisk og teoretisk problemløysing
- kan bruke relevante metodar for forsking og fagleg utviklingsarbeid på ein sjølvstendig måte
- kan gjennomføre eit sjølvstendig, avgrensa forskings- eller utviklingsprosjekt under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer
Studenten
- kan analysere relevante fag-, yrkes- og forskingsetiske problemstillingar i masterfaget
- kan bruke kunnskapane og ferdigheitene sine på nye område for å gjennomføre avanserte arbeidsoppgåver og prosjekt
- kan formidle omfattande sjølvstendig arbeid og meistrar uttrykksformer i masterfaget
- kan kommunisere om faglege problemstillingar, analyser og konklusjonar i masterfaget
- kan bidra til nytenking og i innovasjonsprosessar
I starten av semesteret vert det gjennomført tre obligatoriske undervisningsdagar.
Oppgåvearbeidet skal gjerast individuelt med rettleiing. Rettleiinga skal nyttast til å drøfte tekstutkast, val av litteratur, gje praktiske råd om eventuell datainnsamling, og sikre at forskingsetiske retningsliner vert følgde.
Det vert gjennomført to obligatoriske oppgåveseminar der studentane presenterer sine arbeid for drøfting.
Omfanget av og form for rettleiing til enkeltstudenten, vil variere avhengig av oppgåvetype som vert kontraktfesta i "Avtale om rettleiing og gjennomføring av masteroppgåva".
- Kontrakten i «Avtale om rettleiing og gjennomføring av masteroppgåva» må vere oppfylt.
- Krav om 70 prosent frammøte/deltaking til obligatorisk undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6.
- Levere revidert forskingsplan
- Det vert gjennomført obligatoriske oppgåveseminar der studentane presenterer sine arbeid for drøfting
Tidspunkt og nærare informasjon for dei ulike delane vert gitt i starten av semesteret.
- Teaching and learning - experience-based master's degree (part-time)
Assessment Form | Grouping | Duration | Grading scale | Proportion | Comment | Support Materials | Scope |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Master's thesis | Individual | Semester | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade |