Semesters

ULENO3C Lese- og skrivekunne

Course code: 
ULENO3C
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Master
Teaching semester: 
2024 Spring
Assessment semester: 
2024 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen

Course content

Emnet vektlegg forsking på den andre lese- og skriveopplæringa, språkutvikling og lesing og skriving som grunnleggjande kompetansar. Vidare tek studiet for seg ulike perspektiv på literacy-omgrepet, og korleis ein kan utvikle engasjement og kritisk tenking for ulike elevgrupper frå 5.-10. klasse. Sentrale studiefelt vil vere literacy-omgrepet, lese- og skrivekunne på bokmål og nynorsk, arbeid med multiple tekstar, leseforståing, lesestrategiar og munnleg kompetanse.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten

  • har avansert profesjonsretta kunnskap i norskfaget, og spesialisert innsikt om lesing og skriving i eit multimodalt perspektiv 
  • har inngåande kunnskap om utvikling av munnleg kompetanse 
  • har inngåande profesjonsretta kunnskap om forsking på literacy- og lesing og skriving som læringsreiskapar i norskfaget og tilpassa alle elevar sine føresetnader og behov i eit mangfaldig klasserom
  • har inngåande kunnskap om lesing og skriving som heilskapleg kompetanse: nynorsk og bokmål, hovudmål og sidemål 
  • kan utvikle kunnskap om korleis elevar handsamar ulike kjelder kritisk på internett og i ulike medium for å fremje djupnelæring
  • har kunnskap om varierte undervisningsmetodar og korleis differensiering og tett oppfølging og progresjon i undervisning kan medverke til elevar si læring
Learning outcome skills

Studenten

  • kan undervise og legge til rette for lese- og skriveopplæring for ulike elevgrupper 
  • kan utvikle, gjennomføre og evaluere fagleg forankra og forskingsbasert opplæring som sikrar alle elevar sin faglege progresjon innan lese- og skrivefeltet
  • kan vurdere digitale uttrykk kritisk, og bruke ulike kartleggingsverktøy, testar og prøver i lesing og skriving
  • kan reflektere over korleis multimodale ytringar utvidar tekstomgrepet og vilkåra for kommunikasjon og kunne nyttiggjere seg dette i klasserommet
  • kan på avansert nivå nytte læringsorientert vurdering og kan bidra til at elevane lærer å reflektere over eiga læring og utvikling
  • kan på avansert nivå bidra til at elevane lærer å reflektere over eigen læring 
  • kan på avansert nivå vurdere digitale uttrykk og ressursar kritisk og bruke dei i opplæringa på måtar som styrkar og utviklar norskfaget
Learning outcome qualification

Studenten

  • Beherskar uttrykksformene til norskfaget på ein avansert og kritisk måte, og kan formidle fagleg avansert forskings- og utviklingsarbeid til ulike målgrupper
Working and learning activities

Arbeidsmåtane i emnet vil veksle mellom førelesingar, seminar og arbeid i mindre grupper.
 

Assessment requirements

Frammøtekrav:

Krav om 70 prosent frammøte/deltaking til obligatorisk undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6.

Arbeidskrav:

Førebuing til og gjennomføring munnleg presentasjon på 15 min. av ein sjølvvald artikkel frå litteraturlista. Studenten skal presentere og reflektere over denne i lys av eigen praksis og/eller anna faglitteratur. Det skal også leverast ein skriftleg tekst i form av støtteark eller ein power point som støtte til den munnlege presentasjonen som også blir vurdert til stått/ikkje stått. I tillegg skal studenten vere opponent til ein medstudent sin presentasjon og kommentere og reflektere kritisk konstruktivt gjennom munnleg og skriftleg respons.

Det vil bli gjort greie for detaljane i arbeidskravet i eit eige notat som blir utlevert ved studiestart.
 

Maximum number of students: 
30
Person in charge: 
Wenke Mork Rogne
Used in other programs
  • Teaching and learning - experience-based master's degree
  • Teaching and learning - experience-based master's degree (part-time)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individual
2 Weeks
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Individuell 2 vekers heimeoppgåve på 4000 ord knytt til teori og didaktisk refleksjon. Studentane skal skrive på nynorsk.
4000 ord
Approval signature: 
Arne Myklebust