Semesters
ULESA3A Stad, identitet og fellesskap
Ingen.
Eleven sitt liv er forankra i det lokale og nære. I dette emnet utforskar vi tilknytinga mellom menneske og stad, og forholdet mellom stad, historie og identitet gjennom å ta for oss ulike teoretiske og analytiske perspektiv knytt til stad og lokalsamfunn.
Stad og lokalsamfunn er omgrep som opnar for utforsking, samanlikning og kritisk tenking i møte med allmenne samfunns- og naturprosessar, og kan tydeleggjere samanhengar, endring og kontinuitet i desse prosessane. Gjennom teoretiske perspektiv på stad, lokalsamfunn, lokal- og mikrohistorie skal studenten utvikle innsikt i heimstad og lokalsamfunn som sentral læringsarena i samfunnsfaget.
I emnet skal bruk av kjelder og metodar for mikrohistorie og stadssanalysar bidra til å gi studentane didaktiske verktøy til å legge til rette for utvikling av historiemedvit og geografisk danning hos elevane.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal
utvikle djupnekunnskap om lokalhistorie og mikrohistorie som teoretisk og metodisk grunnlag for samfunnsfagundervisning
tileigne seg spesialisert kunnskap om didaktisk arbeid med lokalsamfunnet som ramme for utvikling av historiemedvit, identitet og fellesskap
utvikle inngåande teoretisk kunnskap om stad og geografisk danning
utvikle inngåande kunnskap om didaktisk bruk av geografisk informasjon og historefaglege kjelder
Studenten skal
utvikle ferdigheiter i å analysere lokalsamfunn og mikrohistoriske problemstillingar som grunnlag for eiga undervisning og som ekskursjonsmål
utvikle ferdigheiter i å planlegge og gjennomføre undervisning som fremmar elevens refleksjon over romlege samanhengar og bruk av historie i lokalsamfunnet
utvikle ferdigheiter i å bruke og vurdere geografisk informasjon og kjelder om lokalsamfunnet i arbeid med å utvikle nye problemstillingar og perspektiv som kan stimulere elevar til medvit om tid, rom og samfunnsprosessar
Studenten
kan bruke teoretisk og didaktisk kunnskap om stad og lokalsamfunn til å fremme eleven si utforsking og forståing av samspelet mellom natur og samfunn, mellom det lokale og det globale, og mellom fortid, notid og framtid
kan stimulere til kritisk tenking og kreativitet med lokalsamfunnet som ramme
kan kritisk vurdere elevars læringsutbytte gjennom ekskursjonsbasert undervisning
Arbeidsmåtane i emnet vil veksle mellom varierte undervisnings- og arbeidsformer med seminar, ekskursjonar, arbeid i gruppe og prosessorientert skriving og utviklingsarbeid. I undervisninga legg vi stor vekt på kritisk refleksjon og diskusjon.
Frammøtekrav:
Krav om 70 prosent frammøte/deltaking til obligatorisk undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6.
Arbeidskrav:
Utarbeide og presentere ei planskisse for ei semesteroppgåve på 3000- 4000 ord der oppgåva skal inkludere ei analyse av lokalsamfunn/ mikrohistorie med innsamling av empiri som grunnlag for eit undervisningsopplegg/ekskursjon.
Basert på planskissa utarbeide ei analyse av lokalsamfunn/ mikrohistorie med innsamling av empiri som grunnlag for undervisningsopplegg/ekskursjon. Funn frå arbeidet skal leggast fram i eit seminar.
Gruppebasert arbeidskrav: planlegge, gjennomføre og evaluere ein ekskursjon/eit undervisningsopplegg for elevar i grunnskulen.
Individuell rapport på om lag 1000 ord frå det gruppebaserte arbeidskravet (c) der undervisingsopplegg, gjennomføring og evaluering i det gruppebaserte arbeidskravet skal skildrast
Nærare instruks for arbeidskrava blir presenterte ved semesterstart. Arbeidskrava blir vurderte til godkjent/ikkje godkjent.
- Teaching and learning - experience-based master's degree
- Teaching and learning - experience-based master's degree (part-time)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual | 1 Semesters | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Semesteroppgåva med omfang på 3000 - 4000 ord skal utarbeidast og leverast i eksamensmappa saman med arbeidskrav d og ein presentasjonstekst på 800-1000 ord |