Semesters
ULMA304 Matematikkens historie, geometri og algebra
Ingen.
Matematikken si historie er lang og er på mange område knytt nært opp mot vår kulturelle, samfunnsmessige og historiske utvikling elles. Kunnskap om matematikken si historie er difor viktig for fullt ut å forstå delar av vår generelle historie. Kjennskap til korleis den matematiske kunnskapen har utvikla seg er også nyttig når ein ser på læring i matematikk, og når ein skal forstå kvifor matematikkfaget i skulen ser ut som det gjer. Det vert i emnet særleg lagt vekt på geometrien og algebraen si historiske utvikling, deira innhald og deira plass i skulematematikken.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studentane skal ha inngåande kunnskap
- om matematikkens historie og den rolla matematikken har spela i den generelle historiske utviklinga
- om skulematematikkens historiske utvikling
- i geometri og algebra, om deira plass i skulematematikken og om ulike sider ved det å lære og å undervise geometri og algebra
Studentane skal kunne
- nytte element frå matematikken si historie for å fremje elevar si læring
- analysere elevar sine munnlege ytringar og matematiske tekstar, særleg innafor algebra og geometri
Studentane kan
- sjå samanhengen mellom dagens skulematematikk og den historiske matematikken
- forstå korleis matematikken si historiske utvikling har vore påverka av samfunnet, samstundes som den har vore med å forme samfunnsutviklinga og den skulen vi har i dag.
Arbeidsmåtane i emnet vil veksle mellom førelesingar, seminar og arbeid i mindre grupper. Det er obligatorisk frammøte til all undervisning, sjå Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §7-3.
Det er obligatorisk frammøte til undervisninga.
Førebuing til og gjennomføring av munnleg presentasjon av utvalde artiklar frå pensum. Detaljane i arbeidskravet vert gjort greie for i eit eige notat utlevert ved studiestart.
Presentasjon av førsteutkast til ei skriftleg oppgåve (sjå vurdering og eksamen). Detaljane i arbeidskravet vert gjort greie for i eit eige notat utlevert ved studiestart.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
- Master of Education
- Master of Education
- Mathematics for Teachers - Continuing Course
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individual | 1 Semester | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | 3800 - 4500 ord (føreord, innhaldsliste, litteraturliste og eventuelle vedlegg kjem i tillegg). Det er utarbeidd ein mal for den skriftlege oppgåva. |