Semesters

ULNO304 Norskfaget, norsklæraren og klasserommet

Course code: 
ULNO304
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Master
Teaching semester: 
2016 Autumn
Assessment semester: 
2016 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen.

Course content

Emnet tek for seg norskfagets historie med vekt på korleis faget sine målsettingar, innhald og arbeidsmåtar har endra seg og den samfunnsmessige konteksten for desse endringane. Tilnærminga legg vekt på legitimeringsspørsmål knytt til norskfaget sitt spenn mellom kunnskap, ferdigheiter, kompetanse og danning. Utfordringane til norsklæraren sett i lys av gjeldande læreplanar vil bli diskuterte. Metodiske utfordringar knytt til norskfagleg klasseromsforsking i eit diakront og synkront perspektiv vil bli drøfta.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Etter fullført emnestudium skal kandidaten ha:  

  • forskingsbasert kunnskap om hovudtrekka i faget si historiske utvikling med vekt på faget sine normtekstar og legitimeringsspørsmål knytte til dei
  • inngåande kunnskap om mål, innhald, arbeidsmåtar og vurdering i gjeldande læreplan i norsk
  • kunnskap om faglege og fagdidaktiske utfordringar knytte til norskundervisning i dagens skule  
  • forskingsbasert teoretisk og metodisk kunnskap om norskfagleg klasseromsforsking
  • inngåande kunnskap om og innsikt i språknormering og skulen si rolle som språkleg normberar
Learning outcome skills

 Etter fullført emnestudium skal studenten kunne:  

  •  sjå korleis dagens norskfag er eit resultat av ulike kunnskaps- og danningstradisjonar
  •  planlegge og gjennomføre norskopplæring med utgangspunkt i gjeldande normtekstar og i eit mangfaldig klasserom
  •  drøfte, grunngi, gjennomføre og vurdere norskfaglege og norskdidaktiske undervisningsopplegg med utgangspunkt i relevante teoriar
  •  planlegge og gjennomføre norskfagleg og/eller norskdidaktisk klasseromsforsking, der ein skil mellom observasjon og tolking
  •  anvende og bruke kunnskap om språknormering i opplæring, rettleiing og vurdering
Learning outcome qualification

Studenten skal ha inngåande kunnskap om korleis norskfaglege emne er legitimerte, og kva rolle norskfaget og norsklæraren har og har hatt i skulen.

Working and learning activities

Emnet vert organisert med fem samlingar på to dagar ved Høgskulen i Volda.

Assessment requirements

Presentasjon av førsteutkast til fagartikkel (sjå vurdering og eksamen). Det blir gjort greie for detaljane i arbeidskravet i eit eige notat som blir utlevert ved studiestart.

Det er obligatorisk frammøte til all undervisning.

Evaluation system

Kandidatane vert sensurerte i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kapittel 5.

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med kvalitetssikringssystemet ved Høgskulen i Volda.

Maximum number of students: 
25
Person in charge: 
Pål Hamre
Used in other programs
  • Master of Education
  • Norwegian (master level)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individual
Semester
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Oppgåva skal vere på om lag 5000 ord (føreord, innhaldsliste, litteraturliste og eventuelle vedlegg kjem i tillegg). Det blir utarbeidd retningslinjer og råd for den skriftlege oppgåva. Studentane skal skrive oppgåva på bokmål.
Adjusting oral examination
Individual
30 Minutes
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade