RUS302 Tiltak mot rusproblem

Course code: 
RUS302
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Master
Course name in Norwegian Nynorsk: 
Tiltak mot rusproblem
Teaching semester: 
2025 Spring
Course name in Norwegian Bokmål: 
Tiltak mot rusproblem
Assessment semester: 
2025 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen

Course content

I Tiltak mot rusproblem vert det, med bakgrunn i forskings- og erfaringsbasert kunnskap, fokusert på korleis ein arbeider med rus- og avhengigheitsproblematikk. Erfarne førelesarar frå feltet reiser ulike faglege perspektiv for å skape brei forståing og handleevne til å handtere rusfaglege problemstillingar på tiltaksnivå.

Kurset er delt inn i tre hovudtema:

Tema 1) Grunnlagsspørsmål

  • forståingsmodellar
  • etikk og brukarperspektiv
  • juridiske rettar
  • organisasjonsstrukturen på rusfeltet

Tema 2) Tilnærmingsmåtar

  • behandlingsmodellar
  • lågterskeltiltak

Tema 3) Særskilde tiltak

  • tverrfagleg spesialisert behandling (TSB)
  • legemiddelassistert rehabilitering (LAR)
  • motiverande samtale (MI)
  • rus og psykisk liding (ROP)
Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten skal

  • ha inngåande kunnskap om tiltaks- og ansvarsliner i rusfeltet
  • ha omfattande kunnskap om ulike behandlingsmodellar
  • ha inngåande kunnskap om organisering av hjelpetenester på ulike nivå
  • kunne oppdatere kunnskapen sin på desse områda
Learning outcome skills

Studenten skal ha

  • inngåande ferdigheiter i å bruke relevant forskings- og erfaringsbasert kunnskap til å analysere og forstå brukarar sine rusproblem
  • omfattande ferdigheiter til å ta i bruk relevant forskings- og erfaringsbasert kunnskap i utføringa av sitt arbeid med ulike rusfaglege problemstillingar i samarbeid med brukar og pårørande
Learning outcome qualification

Studenten skal kunne

  • analysere og reflektere kritisk over ulike måtar å forstå og arbeide med rus- og avhengigheitsproblematikk på som han eller ho møter i yrkessamanheng
  • analysere og reflektere kritisk over eiga rolle som profesjonell i arbeid med menneske med rusproblem, pårørande og personar som står i fare for å utvikle rusproblem
Working and learning activities

Emnet er organisert som halvtidsstudium over eitt semester. Undervisninga er konsentrert til tre vekesamlingar, med fire undervisningsdagar på kvar samling. Den femte dagen er studiedag. Det er forventa at studentane møter og bidreg aktivt på alle samlingane, og arbeidskravet i emnet kan krevje oppmøte. Undervisninga skjer i klasserom ved oppmøte ved Høgskulen i Volda. Meir informasjon kan du finne i studiekatalogen.

Det vert nytta varierte undervisnings- og læringsformer, der vi legg stor vekt på dialog og studentdeltaking. Vi nyttar læringsverktøyet Canvas til informasjon og deling av læringsressursar. Der kan studentane også kommunisere med faglærarar og medstudentar.

Meir informasjon om tidspunkt for oppmøte og samlingar​ ligg her.

Assessment requirements

Det er eitt arbeidskrav i emnet, som er knytt til kasus. Arbeidskravet kan krevje oppmøte på ei av samlingane. Meir informasjon om arbeidskravet vert gitt ved semesterstart. 

Evaluation system
Minimum number of students: 
15
Maximum number of students: 
35
Person in charge: 
Kristine Vaadal
Kristin Ljoså Sørheim
Used in other programs
  • Health and Social Sciences - master
  • Planning and Leadership - master (part time)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Home exam
Individual
3 Days
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
100
Alle.
Maksimum 3000 ord
Approval signature: 
Randi Bergem 01.03.2023