SKRMGOPPG Masteroppgåve

Course code: 
SKRMGOPPG
Duration: 
2 semesters
Credits (ECTS): 
60
Level of study: 
Master
Course name in Norwegian Nynorsk: 
Masteroppgåve
Teaching semester: 
2024 Autumn
2025 Spring
Course name in Norwegian Bokmål: 
Masteroppgave
Assessment semester: 
2025 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite courses
SKR301 Written Cultures
SKR302 Theory and Method
Course content

Masteroppgåva (60 studiepoeng) skal vere eit sjølvstendig vitskapleg arbeid. Studenten skal i samråd med rettleiar utforme ei problemstilling ut frå læringsutbytteskildringane i studieprogramplanen eller emneplanane til Mastergradsstudiet i skriftkulturar. Oppgåva skal vise innsikt i skriftkultur og kan ta føre seg språklege, litterære eller didaktiske emne gjennom kvantitative, kvalitative og/eller komparative tilnærmingar.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Kandidaten

  • har inngåande kjennskap til relevant primær- og sekundærlitteratur for oppgåva
  • har inngåande kunnskap om teoretisk og metodisk basis for vitskapleg arbeid
Learning outcome skills

Kandidaten

  • kan finne fram til, vurdere og nytte relevant forskingslitteratur til å formulere og drøfte ei vitskapleg problemstilling innanfor det skriftkulturelle feltet
  • kan gjennomføre eit sjølvstendig vitskapleg forskingsarbeid på feltet
  • kan gjere greie for, drøfte og vurdere metodiske og teoretiske val i arbeidet
Learning outcome qualification

Kandidaten

  • kan bruke og vise til kjeldemateriale på ein konsekvent, tydeleg og logisk måte
  • kan byggje opp ein skriftleg argumentasjon på ein klar, logisk og forståeleg måte
  • kan skrive klar og presis akademisk sakprosa på korrekt norsk eller engelsk
Working and learning activities

Masteroppgåva går over to semester for heiltidsstudentar og fire semester for deltidsstudentar. Arbeidsmåten for rettleiinga blir avtalt mellom rettleiar og student. Rettleiing av masteroppgåva vil i prinsippet bli gjeve innanfor normert studietid, dvs. 1 år for heiltidsstudentar og 2 år for deltidsstudentar. Det vert arrangert oppgåveseminar etter behov der studentane kan presentere og drøfte prosjekta sine og elles få rettleiing i teori- og metodespørsmål.

Assessment requirements

Frammøtekrav:

Ingen

Arbeidskrav:

Innan 1. februar den våren studenten fullfører dei innleiande emna, må studenten levere eit utkast til emne og problemstilling til studieprogramansvarleg. Deretter får studenten tildelt ein rettleiar, som må godkjenne emne og problemstilling. I samråd med rettleiar må studenten utarbeide ein prosjektplan for masteroppgåva som må vere godkjent av rettleiar og studieprogramansvarleg innan 15. juni den våren studenten fullfører dei innleiande emna.

Evaluation system
Minimum number of students: 
0
Maximum number of students: 
25
Person in charge: 
Stig Jarle Helset
Used in other programs
  • Written Cultures - master
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Master's thesis
Individual
2 Semester
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Masteroppgåva skal skrivast på norsk eller engelsk og leverast inn som ein monografi på om lag 33 000 ord (+/- 10 %), noko som svarar til om lag 100 sider med krava om 1,5 linjeavstand og 12 pkt. skriftstorleik. Tittelside, samandrag, forord, innhaldsliste, notar, litteraturliste og eventuelle vedlegg kjem i tillegg. Oppgåva blir evaluert av ein kommisjon med to medlemer, der minst ein av dei må vere ekstern, og ho må forsvarast munnleg for den same kommisjonen. Oppgåva får ein førebels karakter som kan bli justert etter munnleg.
Adjusting oral examination
Individual
60 Minutes
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
100
Ved munnleg eksamen får kandidaten 10 minuttar på seg til legge fram oppgåva, før det blir munnleg høyring. Munnleg justerande eksamen fastset den endelege karakteren i emnet.
Approval signature: 
Arne Myklebust