4 høgskular går saman om bruk av arkivplan.no

- Dei 4 høgskulane på Nordvestlandet, Sogn og Fjordane, Volda, Ålesund og Molde går saman om å bygge opp sine arkivplanar med arkivplan.no, fortel Anne Helen Sundalsfoll som er arkivleiar ved Høgskulen i Volda.

- Ein arkivplan er ei samla oversikt over reglement og rutinar for sakshandsaming i organisasjonane, samt ei oversikt over sjølve arkivet. Det er no lovpålagt å halde ei slik oversikt, fortel Sundalsfoll.
- Vi nyttar no våren 2005 til å bygge opp sine respektive arkivplanar, seier Sundalsfoll, som er pådrivar for å få i stand fellesprosjektet.

Godt nøgde med samarbeidet
- Arkivplan.no er i utgangspunktet ei teneste som vert levert av selskapet Nexus Group AS i Ålesund. Tenesta er utvikla i tett samarbeid med brukarane, og utviklingsprosjektet har vore støtta av ABM-Utvikling. Bakgrunnen for prosjektet Arkivplan.no er at overgangen til elektronisk sakshandsaming aukar behovet for ein arkivplan som vert brukt, og heile tida vert oppdatert, fortel Yngve Tvedt i Nexus Group AS.

- No nyttar over 130 kommunar arkivplan.no saman med fleire statlege direktorat, finansdepartementet, helseføretak og statsarkiva. Eit godt samarbeid med høgskulane har vore ein føresetnad for tilrettelegginga mot høgskulane, og vi er godt nøgde med resultatet, seier Tvedt til slutt.

Del på: