42 millionar til forsking på partnarvald

Høgskulen i Volda skal i samarbeid med Høgskolen i Molde, Politihøgskolen, Krisesentersekretariatet og Oslo universitetssykehus sette i gang med eit forskingsporsjekt med ei totalramme på om lag 42 millionar kroner. Prosjektet handlar om avverjing av partnarvald og skal gå over fem år.

Kjartan Leer-Salvesen

Professor Kjartan Leer-Salvesen

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Del på:

Høgskulen i Volda skal i samarbeid med Høgskolen i Molde, Politihøgskolen, Krisesentersekretariatet og Oslo universitetssykehus sette i gang med eit forskingsporsjekt med ei totalramme på om lag 42 millionar kroner. Prosjektet handlar om avverjing av partnarvald og skal gå over fem år.

Totalt har prosjektet ei totalramme på 41,8 millionar kroner.12 av desse får ein frå Noregs Forskingsråd etter å ha fått gjennomslag for søknaden sin, resten av midlane blir dekt av dei ulike prosjektdeltakarane.

– Dette er svært gledeleg. Slike midlar frå forskingsrådet er viktig for oss og set oss på kartet som forskingsinstitusjon. Det viser at det er mogleg å få til gode prosjekt og samarbeid sjølv om vi ikkje er ein stor høgskule, seier ein godt nøgd Johann Roppen, rektor ved Høgskulen i Volda (HVO).

Han får følgje av professor Kjartan Leer-Salvesen, prosjektleiar for prosjektet:

– Dette er ei fjør i hatten for oss og vi gler oss til arbeidet. Etter å ha fått avslag ved første forsøk, er det moro å sjå at arbeidet vi har lagt ned i andre forsøk har nådd opp.

Unikt på verdsbasis

Leer-Salvesen har gått i bresjen for prosjektet og søknaden saman med medprosjektleiar, professor Solveig Vatnar, ved Høgskolen i Molde og Oslo universitetssykehus. Mandatory Reporting of Intimate Partner Violence er namnet på prosjektet deira som skal ha oppstart 1. august 2021 og halde fram i fem år. 

Leer-Salvesen og kollegaane skal forske på partnarvald og profesjonsutøvarar si plikt til å avverje partnarvald. Dei skal studere tilsette i barnevernet, politiet, krisesenter, legar, sjukepleiarar og psykologar, og også sjå på kva desse tenker om   sitt ansvar og andre aktørar sitt ansvar for å avverje partnarvald. Forskarane vil studere både valdsutøvarar og valdsoffer sine erfaringar med avverjeplikta.

– Det er aldri forska på avverjeplikt i forhold til partnarvald  i Europa tidlegare, og internasjonalt har det aldri blitt sett i gang eit så stort forskingsprosjekt på liknande tematikk, fortel Leer-Salvesen.

250 drepne i Noreg

Sidan 1990 og fram til i dag har 259 personar blitt drepen av sin partnar i Noreg. I det store fleirtalet av desse tilfella har drapsoffer eller gjerningspersonvore i kontakt med hjelpeapparatet før drapet skjedde, og mange av gjerningspersonane har valdsdommar frå før.

Både profesjonsutøvarar og vanlege borgarar har avverjeplikt, som vil seie at ein ifølge straffeloven har plikt til å avverje at alvorlege straffbare handlingar skjer.

– I praksis er det mange grunnar til at profesjonsutøvarar sviktar avverjeplikta, ifølge både mi eiga og andre si forsking. Ein viktig grunn ser ut til å vere at  teieplikta vert halden for høgt, seier Leer-Salvesen.

Internasjonal forsking viser at fleirtalet av dei som er utsett for partnarvald skulle ønske at avverjeplikta vart overhalden. 15. desember la partnardrapsutvalet fram sin rapport, og dei peiker på avverjeplikta som eit tiltak som kan førebygge partnardrap.  

Fekk internasjonal merksemd

Leer-Salvesen såg i sitt doktorgradsarbeid på lærarar og prestar si skjønnsutøving i spenninga mellom teieplikt, meldeplikt og avverjeplikt. Dette knytt opp mot å avverje omsorgssvikt, overgrep og vald i nære relasjonar.

Under ein internasjonal konferanse i 2017 vart han oppfordra av internasjonale forskarar til å gjere meir på dette feltet. Det var starten på det prosjektet som no har fått tilslag på nesten 42 millionar kroner.

Nye stillingar og formidling

Prosjektet bær mange gode frukter med seg for Høgskulen i Volda. Dei 12 millionane vil føre med seg nye stipendiatstillingar og professorstipend – resten av pengane vil gå til administrasjon og drift av prosjektet.

Avdeling for mediefag ved HVO ved Kristian Fuglseth vil stå for kommunikasjon og formidling frå prosjektet.

– Samfunnsnytten i prosjektet er viktig for oss. Vi ønsker å nå ut til folket med dette og da er formidlingsdelen av det essensiell, sier Leer-Salvesen.
 

Del på: