500 barnehagefolk drøftar eiga rolle

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

«Du og eg» er overskrifta når meir enn 500 barnehagetilsette frå heile Møre og Romsdal er samla til konferanse i Ålesund torsdag og fredag.

–  I Møre og Romsdal har vi 290 barnehagar. Denne konferansen er årets viktigaste faglege møteplass for alle dei som arbeider for og med dei rundt 14 000 barna som går i desse barnehagane. Og dei gjer ein svært viktig jobb, sa fylkesmann Lodve Solholm då han opna Barnehagekonferansen 2018 torsdag.
 

«Du og eg»

Konferansen er eit årleg arrangement som Fylkesmannen, Høgskulen i Volda og Utdanningsforbundet i Møre og Romsdal samarbeider om. «Du og eg» er tittelen på årets konferanse, inspirert av Emil i Lønneberget og hans gode venn Alfred. Tittelen peikar på den heilt sentrale rolla relasjonane mellom barn og vaksne spelar.

– Kva barn lærer av vaksne er i stor grad avhengig av kva relasjon det er mellom dei. Tenkjer vi over kor viktige vi er? Å arbeide i barnehage handlar om å vere klar over korleis vi påverkar barna. Fremmar eller hemmar åtferda mi barnet si utvikling? spurte assisterande utdanningsdirektør ved Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Maren Ørjasæter Aaland i sitt opningsforedrag.

– Kvar dag gjer de eit arbeid som er avgjerande for utviklinga til kvart einskild barn. Vi treng fleire dyktige barnehagelærarar for å gjere dette viktige arbeidet, og vi treng å møtast for å diskutere og reflektere over dette arbeidet, sa Ørjasæter Aaland til dei vel 500 deltakarane på konferansen.

 

Maren Ørjasæter Aaland held opningsforedrag.

Dei viktige første åra

Ein av foredragshaldarane torsdag var psykologen Hedvig Montgomery, som snakka om «Livsmeistring – å byggje ein grunnmur i barnehageåra». Ho la vekt på at det som skjer i dei første åra, og som barnehagen er ein viktig del av, er med på å bestemme korleis kvar einskild skal få det i resten av livet.

– Vi veit at mange ungdomar slit i dag. Om 15-16-åringen skal klare seg bra eller ikkje, blir faktisk bestemt i barnehageåra. Og psykisk helse er noko som utviklast hos barna når dei er saman med vaksne. Det er i denne relasjonen at grunnlaget blir lagt. Psykisk helse er noko vi lever, ikkje noko vi lærer - og denne læringa må skje heilt frå starten, framheva Montgomery.

– Kva kan foreldre og barnehagepersonalet gjere no som gjer at vi har færre 16-åringer med problem om 15 år? Svaret ligg i å skape band mellom vaksne og barn, i å møte og handtere barnas følelsar slik at dei sjølve lærer seg å møte og handtere sine følelsar, og det ligg i å vise at det eg kallar «passe lykke» også inneber at det nokre gonger gjer vondt. Men saman toler vi det, sa Montgomery.

 

Hedvig Montgomery.

Herskarteknikkar

Relasjonar handlar det også om når vaksne tek i bruk herskarteknikkar, anten det er mot andre vaksne eller mot barn. Konferansen hadde henta inn NRK-journalist Sigrid Sollund, som har skrive bok om nettopp herskarteknikkar.

– Herskarteknikkar handlar om å få eit maktovertak, og mange av oss gjer nytte av det. Medvite eller umedvite. Det skjer heilt sikkert også i barnehagen, sa Sollund.

Konferansen held fram fredag, mellom anna med foredrag av professor Roar Amdam (Høgskulen i Volda) og Turi Pålerud som er rådgjevar i Utdanningsforbundet.

Sigrid Sollund.

Del på