9,7 mill. til forsking på programmering i mattefaget

Tekst: Steinarr Sommerset

- Oppdatert

Ei HVO-forskingsgruppe har kome gjennom nålauget hos Forskingsrådet. No ventar tre år med viktig forsking på bruken av programmering for å utvikle mattekompetanse i skulen.

– Dette er spennande, for det gir oss moglegheiter til å vidareutvikle fagmiljøet rundt forskingsgruppa vår, fortel ein fornøgd Andreas Brandsæter, førsteamanuensis ved Institutt for realfag på Høgskulen i Volda (HVO).

Brandsæter leiar HVO-forskingsgruppa Programmering for matematikkforståing, som denne veka fekk tildelt 9,7 millionar kroner frå Forskingsrådet til prosjektet Programming for Developing Mathematical Competencies (programmering for utvikling av matematisk kompetanse).

No ventar ein travel haust med å få samarbeidsprosjektet i gang, men tildelinga frå Forskingsrådet (NFR) var ei real vitamininnsprøyting.

Jaktar på gode stipendiatar

– Støtta frå NFR gir ein «boost». På denne måten kan vi vere fleire som har ressursar til å fokusere på dette forskingstemaet i tre år. Det blir særleg viktig å rekruttere gode stipendiatar til prosjektet, seier Brandsæter.

Midlane frå NFR gjer det mellom anna mogleg å få inn to stipendiatar over tre år som blir sentrale i gjennomføringa, kjøpe fri forskingstid og finansiere samarbeidet med skular og partnarar i prosjektet.

Mellom partnarane i NFR-søknaden finn vi Universitetet i Agder, NTNU, Ålesund kommune, Møre og Romsdal fylkeskommune og Skaparhuset.

På læreplanen, men korleis?

Læreplanen i matematikk seier at programmering skal vere ein del av faget. Men korleis det skal gå føre seg, er slett ikkje spikra.

– Det vi ser når vi snakkar med både skulane, elevane, foreldra og studentar, er at alle lurer litt på kva plass programmering skal ha i skulen. Det er eit aktuelt tema med mange store, uløyste spørsmål vi opplever som veldig relevante. I dag veit ein nok ikkje heilt korleis ein skal undervise om programmering i matematikk, verken til lærarstudentar eller ute i skulane, meiner Brandsæter.

I prosjektet vil forskarane særleg knyte kompetansebygging til kjerneelementa i læreplanen i matematikkfaget.

– Ideen er at programmering kan støtte desse kjerneelementa i staden for å kome som eit tillegg, som blir møtt med «no må vi lære endå noko meir». Sidan læreplanen har lagt opp til at programmering skal kome inn som ein del av faget matematikk, blir det ekstra viktig å finne ut korleis det bør skje, understrekar Brandsæter.

Johann Roppen

Johann Roppen, rektor ved Høgskulen i Volda. Foto: HVO / Tone Solhaug.

– Fjør i hatten

HVO-rektor Johann Roppen synest det er stor stas at forskingsprosjektet har fått gjennomslag i Forskingsrådet.

– Alle som har prøvd, veit at det er eit enormt arbeid med ein stor andel avslag. Eg vil gratulere forskingsmiljøet som har fått dette til – det er verkeleg ei fjør i hatten. Og så vil eg ønskje lukke til med sjølve gjennomføringa, for no byrjar det verkelege arbeidet, smiler Roppen.

 HVO-rektoren meiner tildelinga er overordna viktig for satsinga på forskingskvalitet ved Høgskulen i Volda.

– Vi har lenge hatt ambisjonar om å auke aktiviteten og inntektene frå Forskingsrådet, og det har vore jobba systematisk med dette over mange år. Når eit prosjekt no lukkast, viser det faktisk godt på statistikken, uansett korleis ein måler det.

Roppen framhevar at det også blir spennande å sjå kva ringverknader dette kan ha.

– Tildelinga betyr jo både større kapasitet og at forskingsmiljøet og enkeltforskarane kan heve seg. Det er veldig kjekt at dette skjer på eit fagfelt vi har fått høyre at Noreg treng. Programmering er ein viktig del av den digitale omveltinga, så at vi har fagmiljø ved HVO som får slike gjennomslag, og at det skal kome skulen til gode, det er vinn-vinn.

Skal ut av kontoret

At forskingsarbeidet skal kome elevane til gode, er også prosjektleiar Brandsæter tydeleg på.

– Det vi ønskjer, er å finne dei gode måtane å integrere programmering i matematikkfaget på, i samarbeid med lærarane, elevane og studentar. Vi kjem til å leite etter dei smarte tilnærmingane i skulen der vi kan seie «oi, her gjekk det bra, dette er noko» – dei gode ideane vi kan dokumentere, undersøkje og dele vidare.

Brandsæter er bevisst på at det ikkje held å pønske ut gode forslag i akademia, for så å sende det ferdigpakka ut til skulane.

– Vi forskarane kan sikkert klekkje ut gode idear på kontoret, men vi må samarbeide med skulane for å kvalitetssikre om det faktisk var så lurt som vi trudde. Vi er audmjuke overfor at dette er forsking som må prøvast ut i klasserommet, avsluttar Brandsæter.

Del på