Auka satsing på stipendiat – ei investering i framtida

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Høgskulen i Volda har vedtatt å opprette eit eige program for fagdidaktikk. Innan dette feltet ligg lærarutdanninga, mediefag og sosialfag, med mest vekt på lærarutdanninga.Ei av hovudoppgåvene til HVO er utdanning av lærarar til barnehage, grunnskule, ungdomsskule, vidaregåande skule og til eiga verksemd. Her har Høgskulen store utfordringar, og spesielt demografien er ei utfordring med stor utskifting av tilsette dei neste åra.

- Det er ei utfordring å få ny høg kompetanse til Høgskulen. Fleire av dei tilsette med doktorgrad og lang fartstid går av om nokre år, og det gjeld spesielt for lærarutdanninga. Ein satsar derfor på fagdidaktikk, som eit uttrykk og forsøk på å vidareføre god og høg kompetanse innan feltet, fortel fagleg leiar for Fagdidaktisk forum, Kjell-Arild Madssen.

 

 

_MG_6492_magasin

 Kjell-Arild Madssen er fagleg leiar for Fagdidaktisk forum ved Høgskulen.

 

Ein håper at organisert opplæring ogrettleiing, vil føre til heva kvalitet og at fleire fullfører med godkjent doktorgrad. Statistikk frå NIFU viser at kvar 3. stipendiat i Noreg ikkje fullfører.

- Ei av årsakene det har blitt spekulert i, er at ein ikkje klarer å skape godt nok støtteapparat. Med dette forumet håper vi å lage eit lite fagmiljø som skal gi hjelp på vegen, seier Kjell-Arild Madssen.

Nasjonal satsing

Universiteta spelar ei viktig rolle for stipendiatstilingane, og ei utfordring er rettleiarkapasiteten. I fjor var det omtrent ingen nye stipendiatar i Noreg, noko som vart omtala som ”hvileskjæret”. Nasjonalt er det laga ein langtidsplan der ein skal ha 1100 stipendiatar pr. år innan 2010. Ein er då heilt avhengig av eit godt rettleiings- og støtteapparat.

- I år er det hundrevis av nye stipendiatstillingar på statsbudsjettet, noko som skaper stort press på rettleiingssystemet. For stipendiatane er det avgjerande å få opptak ved eit universitet. HVO finansierer stillinga, med føresetnad om at ein er tatt opp på eit doktorprogram ved eit universitet, seier Madssen.

Rekruttering

Stipendiatprogrammet ved HVO skal vare i minst 5 år, og kan leggjast over tre år på full tid eller over ei periode på fire år med arbeidsplikt (25 % av årsverket er knytt til arbeidsoppgåver frå Høgskulen).

- Vi er spente på om vi får nok søkjarar. Det er nokre som har tatt kontakt, og vi håper på mange gode søkjarar både internt og eksternt. Vi ønskjer å rekruttere framtidig kompetanse, så dette programmet er ei investering for framtida. Vi har eigne kommisjonar som skal vurdere kor gode prosjekta er.Prosjekta må ha fagdidaktisk relevans og er breitt definert for å femne om flest mogleg søkjarar, fortel Kjell-Arild Madssen.

Fristen for å søke på dei ulike stillingane er sett til 5. mai, men Kjell- Arild Madssen er usikker på om ein får tilsetjingar i alle stillingane. Ein har fått ressursar til to professor 2. stillingar, som vil vere viktige for å kunne etablere eit godt støtteapparat. Det fagdidaktiske forumet vil ha seminar og møte der ein kan diskutere og hjelpe kvarandre med prosjekt og framdrift.

- HVO har i alt 13 stipendiatstillingar finansiert gjennom statsbudsjettet, og desse rullerast til ei kvar tid. Stipendiatprogrammet innan fagdidaktikk er ei satsing innanfor desse rammene, og er forankra i styrevedtak. Vi må sjå kva for stipendiatkompetanse vi får, før vi lyser ut dei to professorat stillingane. Stipendiatprogrammet innan fagdidaktikk er eit utrykk for satsing innan feltet, avsluttar Kjell-Arild Madssen

 

Del på