Bygger forskingsnettverk som skal vere med å hjelpe lærarar og elevar

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Når Høgskulen i Volda står som arrangør av eit internasjonalt seminar 20. og 21. september, er det nok eit ledd i å bygge vidare på eit nettverk og ein forskingsmetode som peikar på kva som kan gi læring og elevengasjement i eit klasserom.

The 6th European Seminar on Systematic Observation in Educational Research heiter seminaret som samlar om lag 70 fagfolk frå universitet og høgskular i åtte land; Noreg, England, USA, Tyskland, Finland, Sveits, Portugal og Nederland. Frå dei sju første nemnde landa skal nokon også presentere desse to dagane.

– Vi er svært glade for å vere vertar for dette seminaret. Det betyr mykje for oss ved Høgskulen i Volda å sette Høgskulen på kartet ved å vere ein del av eit slikt nettverk, fortel professor Siv Måseidvåg Gamlem, som arrangerer seminaret ilag med høgskulelektor Liv Kristin Bjørlykke Øvereng og professor Wenke Mork Rogne. 

Volda sentrale i nettverksbygging

Det seminaret tek for seg og som nettverket arbeider med er systematisk observasjon. Det er utvikla ein metode for å studere interaksjonen mellom lærar og elev i klasserommet ved Universitetet i Virginia i USA.

Dette kan også gjelde barnehage, og i skulen heilt opp til vidaregåande skule.

– Metoden er basert på ulike aspekt som forskinga har kome fram til, og som gjer at ein studerer kvalitet i samhandling mellom lærar og elev, for at elevar skal lære og ha engasjement, fortel Gamlem.

Ho har vore med på å løfte og spreie metoden nasjonalt og internasjonalt gjennom forsking,  og har sjølv brukt den sidan 2006. Gamlem er leiar av nettverket saman med professor Sigrun Ertesvåg, Universitet i Stavanger og professor Marja-Kristiina Lerkkanen, universitetet i Jyväskylä (Finland). Gamlem var også med å arrangere det første seminaret under sin spede start for seks år sidan, då berre eit par-tre land var representert.

– Nettverket har stadig vakse og blitt større i Europa dei siste åra, og vi dreg stor nytte av å vere med, synest trekløveret som står bak seminarets sjette utgåve.

Dei er ikkje åleine ved Høgskulen i Volda (HVO) av å nytte seg av metoden i forskinga si. For å kunne bruke den må ein ha ei årleg sertifisering, om lag 15 forskarar ved HVO har arbeidd med denne i dag.

Kva fungerer i klasserommet?

Men kva er eigentleg så denne systematiske observasjonen som er blitt velkjend og ein mykje brukt metode?

Vi let dei tre fagfolka våre svare:

– Metoden blir brukt både i skuleutviklingsprosjekt, undervisning og i forsking når ein skal studere korleis lærarar kommuniserer med elevar i klasserommet. Forskarane som observerer inne i klasseromma, eller ved hjelp av video har då eit sett med felles indikatorar som dei skal sjå etter. Den systematisk observasjonen er delt inn i tre hovudkriterium: emosjonell støtte, klasseromsleiing og fagleg støtte. 
Indikatorane kan til dømes vere korleis lærar samtalar med elevane, korleis læringsmål vert kommunisert, korleis stemmebruken er eller kroppsspråket, det same med blikk og augekontakt. På kvart slikt punkt har forskarane noko dei skal sjå etter for kva som er godt og kva som kan bli betre – ut ifrå det igjen kan dei gi ein skåreverdi på kvalitet frå ein til sju.

– Kva fordelar er det ved eit slikt system?

– Det fantastiske med metoden er jo at vi kan samanlikne på tvers av land. Vi kan til dømes sjå på om kvaliteten i interaksjonen mellom lærar og elev i ulike fag er betre i nokre land, og kvifor. Det gjer at forskarar på tvers av landegrenser kan snakke same språk. Ein har då ei felles forståing av kva som skal til for at relasjonen mellom lærar og elev blir god og kva som fører til læring og engasjement hos eleven, svarar dei tre. 

Lærarstudentar i Volda dreg nytte

Mykje forsking viser at om kvaliteten på forholdet mellom lærar og elev i klasserommet aukar, aukar også eleven sitt læringsresultat.
Lærarstudentane ved Høgskulen i Volda er også så heldige at dei får lære av dette. Dei har fått innsikt i metoden, og sjølv fått gjere vurderingar  på interaksjonen på grunnlag av video frå reelle klasseromssituasjonar.

– Vi synest det er positivt at studentane våre får kjennskap til systematisk observasjon og kva forskinga seier om kva som fører til god kvalitet i interaksjonen mellom lærar og elev. Kunnskap om dette kan studentane ta med seg ut i praksis og i arbeidslivet når dei sjølve skal virke som lærarar. Då har dei enda betre forutsetningar for å lukkast i yrket sitt, meiner Øvereng, Rogne og Gamlem, som no ser fram til å klikke i gang seminaret 20. og 21. september.

Gratis foredrag med gode foredragshaldarar

For ja, klikking blir det. Seminaret er digitalt. Det gjorde seg best slik når ein planla det i koronatid, samstundes som det gjer at fleire rundt om i Europa har moglegheit til å ta del.

Utan om dei som allereie er nemnd, skal fleire tilsette frå HVO vere med å halde innlegg under seminaret: Kim-Daniel Vattøy, Bjørnar Sæterås, Kari Hasle, Elisabeth Innselset, Stine Margrethe Ekornes og Erik Fooladi.

Begge dagar av seminaret er det ein hovudtalar. Desse er svært markante forskarar på feltet, og  alle tilsette ved HVO eller andre interesserte kan få med seg foredraga gratis. 

Ønskjer du å sjå ein av dei som er omtala under her, sitt foredrag digitalt under seminaret? Send ein e-post til liv.kristin.bjorlykke.overeng@hivolda.no 

Tysdag 20. september kl. 14.00-15.00 professor Jason Downer (School of Education and Human Development, University of Virginia, USA).

Forskinga hans legg vekt på å fremme barn si akademiske, sosiale og åtferdsmessige kompetanse gjennom målretta og førebyggande intervensjonar. Spesielt engasjerer han seg i utvikle lærarpraksis for å gi elevane læringsmoglegheiter som aukar akademisk meistring og reduserer åtferdsproblem. Som ein del av dette arbeidet har han utvikla observasjons- og elevrapportvurderingar av relasjonserfaringar i klasserommet med lærarar.

Onsdag 21. september kl. 09.05-10.05 førsteamanuensis Eija Pakarinen (Department of Teacher Education, University of Jyväskylä, Finland og førsteamanuensis II University of Stavanger, Norway)

I forsking legg Pakarinen vekt på lærar-elev interaksjonar, lærar-elev-relasjonar og lærar- og elevvelvære i forhold til motivasjon, akademiske og sosio-emosjonelle resultat. Ho har vore involvert i fleire longitudinelle forskingsprosjekt.
 

Del på