DOKTORGRADSUTDANNING I MØRE OG ROMSDAL

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Professor Rune Nilsen ved Universitetet i Bergen har brei røynsle frå høgare utdanningspolitikk både nasjonalt og internasjonalt. I innlegget sitt understreka han fleire gonger at for å nå måla om framtidas kunnskapssamfunn, er det viktig at høgskulane, ikkje berre universiteta, driv med forskarutdanning. Han la også vekt på at PhD-program ved høgskulane må vere tverrfaglege og samfunnsnære med tydeleg eigenart.

– Utan forskarutdanning ved høgskulane, aksepterer vi då eit «akademisk apartheid» der høgskulane er husmenn og universiteta er storbønder, spurte han retorisk.  

cb3b7e12dc0f5587c1c77a2c01c04c24b857f72c
Trine Johansen Meza frå NOKUT snakka om krav som blir stilt for å kunne tilby eit PhD-program.

Ressurskrevjande

Assisterande avdelingsdirektør i NOKUT (Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga), Trine Johansen Meza gjorde greie for kva som skal til for at NOKUT kan godkjenne ei PhD-utdanning. Ein PhD-grad krev åtte årsverk med førstekompetanse (fire av dei må vere professorar) og skal innan fem år ha teke opp minst 15 stipendiatar.

Ho fortalde at NOKUT har akkreditert 25 doktorgradsstudiar ved 11 institusjonar, og heile ti har kome til dei siste to åra.

Høgskuledirektør Jacob Kjøde jr. har rekna på sannsynlege utgifter og inntekter ved eit PhD-program, og han presenterte eit overslag som tyder på behov for rundt åtte ekstra millionar i året for å drifte ei slik utdanning. Han peika også på utfordringa i å rekruttere nye fagfolk til toppstillingane etter som fleire av professorane nærmar seg pensjonsalder.

Spennande samarbeid

Helse- og sosialfeltet er i rivande utvikling, og behovet for tverrfaglege tilnærmingar er stort. På dette området har alle dei tre høgskulane i fylket viktige utdanningar og faglege ressursar. Professor Tor Johan Ekeland presenterte dei konkrete planane som ein vil søkje om godkjenning for.

Eit sentralt fokus vil vere møtet mellom brukar og yrkesutøvar i spenninga mellom forvaltning og fagleg autonomi.

Rektor ved Høgskolen i Molde, professor Solfrid Vatne, fortalde at dei hadde gode røynsler med doktorgraden i logistikk, og at dei er klare til å prioritere ei tilsvarande oppbygging i helse- og sosial. Til no finst det ingen fellesgrader for PhD i Noreg, så samarbeidet mellom høgskulane i Møre og Romsdal er eit pionertiltak.

3bb9ff158b07df69cf6a3c5a92a9d8be16f6e26d
Rektor Per Halse oppsummerar på slutten av temadagen

Vegen vidare

Alle som hadde innlegg på temadagen såg føre seg at vi om nokre år har eiga PhD-utdanning her i fylket. For rekruttering både av fagfolk og studentar kan det bli viktig i konkurransen. Samstundes vart det understreka at ei slik utdanning ikkje må få utarme grunnutdanningane, men at dei ulike nivåa lyt koplast og driftast til sams bate.

I ei kort oppsummering ved slutten av dagen la rektor Per Halse vekt på to forhold. For det eine oppmoda han arbeidsgruppa om å justere planutkastet slik at opningane mot andre fagmiljø vert tydelegare.

̶  Eg tenkjer at ein PhD ved HVO bør femne breitt og vere av interesse for tilsette ved alle avdelingane, sa Halse.

Rektor syntest at dagen hadde vore oppklarande og inspirerande, men han understreka at eit PhD-program vanskeleg kan driftast med dei knappe økonomiske ressursane som høgskulen rår over:

̶  Realiseringa av dette føreset samarbeid mellom fleire aktørar og tilskot av midlar frå helseføretak, fylkeskommune og andre støttespelarar.



Du finn presentasjonane frå seminaret her:

Planar for PhD i helse og sosial.ppt

Kostnadar ved etablering av PhD.ppt

Erfaringer med PhD-utdanning ved Høgskolen i Molde.pptx

Nokut sine kriteriar for akkreditering av PhD.pptx

Internasjonale og nasjonale trendar for doktogradsutdanning ved høgskulane.ppt

Del på