Ein million til å fremje kjønnsbalanse i forskinga

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Høgskulen i Volda skal dei neste to åra ta del i det nasjonale prosjektet «Nettverksstøtte til å fremme kjønnsbalanse i norsk forsking». Hovudmålet med deltakinga i prosjektet er å doble talet på kvinnelege professorar/dosentar og å få fram fleire kvinnelege forskingsleiarar.

– Vi fekk det til på tredje forsøk, smiler forskingssjef ved Høgskulen i Volda (HVO), Henriette Hafsaas, saman med forskingsrådgivar, Hildegunn Hovde. Forskingsrådets program «Balanse» har kjønnsbalanse i toppstillingar og forskingsleiing som målsetting og har hatt utlysingar i 2015, 2018 og no i 2020.

Alle gode ting vart altså tre for høgskulen då dei etter to tidlegare avslag no fekk tilslag på søknaden til Noregs Forskingsråd om sokalla BalanseHub-midlar. Prosjektet er todelt for HVO sin del; dei skal delta i eit nasjonalt nettverk med andre høgskular, universitet og forskingsinstitusjonar der ein kan lære av kvarandre, og vi vil etablere eit lokalt kvinnenettverk ved høgskulen som skal arbeide med strategiske tiltak knytt til kjønnsbalanse. Hafsaas vil representere HVO i det nasjonale nettverket, medan Hovde vil leie det lokale nettverket.

Mykje å lære

I dag er det slik at 25 prosent av professorar og dosentar (tilsette med toppkompetanse) ved HVO er kvinner. Det står i sterk kontrast til stipendiatstillingane, dei som skal ta ein doktorgrad, der kvinnene utgjer om lag 70 prosent. Dette er ikkje eit Volda-fenomen – tala er nokså like også på landsbasis.

Det er også difor dette er eit nasjonalt prosjekt, som forskingssjef Hafsaas håper skal gi resultat ved HVO. Ho vil, saman med leiarar på dei ulike avdelingane på høgskulen, delta i det nasjonale nettverket.

– Det vil vere ein møtestad  der ein kan dele erfaringar på kva ein har gjort i arbeidet med kjønnsbalanse i forskinga. Kva tiltak fungerer og ikkje? Her kan det vere mykje å lære, trur Hafsaas.
Ifølge forskingssjefen har liknande nettverkstiltak i Europa vist seg å vere effektive og vore med på å heve kompetanse til kvinner i akademia og skapt meir kjønnsbalanse i toppkompetanse-stillingane. 

Førebilete

I dag er det sju kvinner med professor/dosent-kompetanse ved høgskulen. For fire år sidan var talet seks, og på det tidspunktet vart det nedfelt i strategiplanen til høgskulen at ein ville doble talet i løpet av fire år. Det har ein ikkje lukkast med, og difor kjem tilslaget på dette prosjektet på eit svært gunstig tidspunkt.

– Vi må kome opp med tiltak som har betre effekt enn det vi har gjort til no. Vi ønsker kjønnsbalanse blant dei tilsette med toppkompetanse – det er til dømes viktig med gode rollemodellar der studentane våre i større grad får møte kvinnelege professorar og dosentar. Det er også viktig for kvinnelege tilsette å ha kvinnelege førebilete som er toppkompetente, seier Hafsaas.

Forskingsadministrasjonen ved HVO, som er leia av Hafsaas, har allereie fleire tiltak på blokka. Dei er enno i idéfasen og tar gjerne imot innspel.

Prøveevaluering

Eit av tiltaka som er i emning er ei prøveevaluering av professorsøknadar. For å bli professor må ein opprykkssøknad godkjennast, vert den avslått hamnar søkaren i ei karantene før vedkommande får søke på nytt. Det kan gjere at enkelte er kvisame for å søke, og nokre trur kanskje ikkje at dei har rett og nok kompetanse til å så få ein slik søknad godkjent, sjølv om tilfellet er motsett.

– Difor trur vi at ei slik ordning med prøveevaluering kan gjere vegen til å bli toppkompetent enklare. Terskelen for å prøve kompetansen hos ein fagleg kommisjon vert lågare og ein kan få tilbakemeldingar på kva ein kan utbetre og eventuelt gjere meir av, dersom det er naudsynt Det viser seg også at kvinner venter lengre med å søke opprykk enn menn, fortel Hafsaas og Hovde.

Kvinnenettverk 

Det lokale nettverket ved HVO vil vere eit kvinnenettverk. Kvinnenettverket har som mål å knyte kontaktar mellom kvinnelege forskarar på ulike trinn i karrieren, og å auke bevissheita rundt korleis ein bygger ei akademisk karriere, samt tilby kunnskap og om prosjektleiing, formidling, akademisk publisering m.m. Gjennom eit slikt nettverk vil ein kunne skape relasjonar til relevante fagmiljø, offentleg sektor og næringsliv. 

– Korleis vi skal bygge nettverket på best mogleg måte, ynskjer eg å diskutere i samråd med nokre av dei kvinnelege professorane, da dei vil vera viktige nøkkelpersonar i nettverket, både i form av kompetanse, erfaring og i kraft av å vera akademiske førebilete. Nettverket skal møtast rundt fire gongar i året, og vil elles kunne tilby tilgang til seminar, kurs, mentorar, samt andre anbefalte tiltak som vil koma fram undervegs i dei nasjonale BalanseHub-samlingane. 

Spesielle tiltak

Andre ting det kan vere aktuelt for forskingsadministrasjonen å sjå på er utlysingstekstar til stillingar og støtte opp om at intervju til stillingar skal vere strukturerte, det vil seie å inneha dei same spørsmåla – uavhengig av kjønn – og at leiarar må gjerast bevisst på eventuelle eigne fordommar.

– Det vil også vere naturleg for oss å sjå på om kvinner treng spesielle tiltak når dei kjem tilbake på jobb etter foreldrepermisjon og elles i småbarnsfasen. Vi veit at ein av grunnane til at kvinner er underrepresenterte i toppkompetanse-stillingar er knytt til familiesituasjon, seier Hafsaas.

Ho er svært glad for at dei fekk tilslag på søknaden og gler seg til å kome i gang med prosjektet.

– Vi har gode kvinnelege kandidatar som er nær målet om toppkompetanse, difor har vi stor tru på ei positiv utvikling framover. Målet vårt er å ta godt vare på dei beste forskartalenta, anten det er kvinner eller menn. Prosjektet skal kome heile høgskulen til nytte, lovar Hafsaas.
 

Del på