Fagdag om digitale verkty i undervisninga

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Høgskulen i Volda (HVO) har utvikla mange fleksible studietilbod på nett med god søkning. Undervisning på nett blir også meir sentralt i profesjonsutdanningar på deltid. Døme på dette er arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning (ABLU). HVO har også sett i gang distanseovergripande undervisningssamarbeid i grunnskulelærarutdanninga i UH-nett Vest regi.

1d412d7f95ded3fe7f7fccfc1b1c509d

Høgskulen i Volda (HVO) har utvikla mange fleksible studietilbod på nett med god søkning.

I åra framover vil vi vidareutvikle digitale undervisnings- og vurderingsformer. Dette stiller nye krav til både pedagogisk kompetanse og til infrastruktur og støttefunksjonar. Vi inviterer no til ein fagdag om bruk av digitale verkty i undervisninga. Der vil vi både sjå framover på dei muligheitene som desse verktya gir oss og vise fram gode døme på kva vi allereie gjer på HVO i dag. Vi har også invitert deltakarar får Høgskolen i Molde, studentane og eksterne brukarar.

Fagdag – digitale verkty i undervisninga

Tid: 14. november frå kl. 1215 til kl. 1515 Stad: Berte Kanutte-huset, store auditorium.

Program

  • Velkomen ved rektor
  • «Frå Voldens Privatseminarium til www.hivolda.no», Pål Hamre, AHL
  • Døme på kva som skjer på HVO: Arnfinn Kjelland, Historisk institutt
  • Pause
  • Karen Brænne og Synnøve Moltudal, AKF
  • Øyvind Halse, Institutt for realfag
  • Bruk av MOOC ved Høgskolen i Molde, Per Kristian Rekdal
  • Brukarsynspunkt på bruk av digitale verkty i undervisninga: Studentrepresentant
  • Representsant frå MAFOSS

Diskusjon

MOOC_poster_mathplourde

Sjå liste over reine nettstudium ved HVO

Del på