Fjordantologien 2020

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Fjordantologien 2020 «Digital samhandling», ei samling artiklar om digitalisering og samfunnsendringar, er eit resultat av Fjordkonferansen 2019. Det redaksjonelle arbeidet er utført av Lars Julius Halvorsen, Ivar John Erdal, Wenke Mork Rogne og Roar Stokken ved Høgskulen i Volda.

Fjordkonferansen har som overordna mål å skipe eit fagleg møtepunkt for dei akademiske fagmiljøa på Nordvestlandet og å legge til rette for vitskapeleg publisering. Tiltaket gjennomfører to årlege hovudaktivitetar: Fjordkonferansen og publisering av Fjordantologien. Sistnemnde er ein fagfellevurdert antologi basert på innsende bidrag i etterkant av ein konferanse.

Hovudansvaret for antologien og konferansen går på omgang mellom Høgskulen i Volda (HVO), Høgskolen i Molde, NTNU Ålesund og Høgskulen på Vestlandet (Sogndal og Førde).

Digital samhandling

Fjorårets konferanse vart arrangert av HVO i Loen 19. – 20. juni 2019. Temaet for konferansen var «digitalisering». Omlag 75 fagfolk tok del, og det vart presentert omlag 50 innlegg. På bakgrunn av presentasjonane, vart fagfolka oppmoda til å sende inn manus til vurdering. Den HVO-baserte redaksjonen har valt ut 19 artiklar til årets antologi, den åttande i rekka så langt.

– I all si enkelheit handlar digitalisering om prosessen med å gjere informasjon tilgjengeleg i ei form som lar seg tilarbeide av digitale verktøy. I denne antologien er det ikkje digitaliseringsprosessen i seg sjølv som har hovudfokus, men konsekvensane av den. Fokuset ligg på korleis digitalisering artar seg på ulike samfunnsområde, og ikkje minst kva betydning digitaliseringa har for korleis vi samhandlar med andre menneske på desse samfunnsområda, seier førstelektor Lars Julius Halvorsen ved Institutt for kommunikasjon, Avdeling for mediefag.

Artiklane i Fjordantologien 2020  handlar om digitalisering og samfunnsendringar, digital samhandling i næringslivet og digital samhandling i skule og høgare utdanning. Antologien er utgitt som ein «Open Access-publikasjon» på Universitetsforlaget. Open Access (OA) inneber at fagfellevurderte, vitskapelege publikasjonar vert gjort fritt tilgjengelege på Internett.

–Utveljinga av artiklane er basert på vurdering av tematisk relevans og dels basert på fagfellane sine vurderingar. Alle bidraga har vore sendt til minst to fagfellar og gjennom minst to rundar med fagfellevurdering. Seks av artiklane er skrivne av tilsette ved Høgskulen i Volda, seier Halvorsen.

Fjordantologien 2020 Digital samhandling er den åttande i rekka. Foto: Gaute Hareide.

Tilsette ved Høgskulen i Volda som bidrar i Fjordantologien 2020: Førsteamanuensis Roar Stokken, førsteamanuensis Wenke Mork Rogne, førsteamanuensis Ivar John Erdal, førstelektor Lars Julius Halvorsen, førsteamanuensis Erling Sivertsen, førstelektor Gaute Hareide, høgskulelektor Marit Brekke, professor Siv M. Gamlem, høgskulelektor Lina Rebekka Kobberstad,  førstelektor Frode Opsvik, stipendiat Kim André Stavenæs Refvik, høgskulelektor Odd Helge Mjellem Tonheim, høgskulelektor Martyna K. Fojcik.

Markering på årets Fjordkonferanse

– Tidligare har vi lansert den nye antologien i samband med Fjordkonferansen. I år var ikkje dette mogleg, men vi vil markere årets antologi på Fjordkonferansen 2020. Høgskulen på Vestlandet (Sogndal og Førde) har ansvaret for konferansen. Grunna Korona-krisa er konferansen utsett til 11. og 12. november. Tema for årets konferanse er «stadutvikling».

Fjordkonferansen 2021

– Fjordkonferansen 2021 i Molde blir etter planen arrangert av Høgskolen i Molde 16-17.juni 2021. Vi håper at det let seg gjere å ha ein fysisk konferanse, men lagar også ein plan B for eit digitalt arrangement. Temaet neste år er «berekraft». Meir informasjon om foredragshaldarar og arbeidsgruppe, fristar, osv. blir kunngjort på Fjordkonferansen sine heimesider og på HVO sin nettstad, seier førstelektor Lars Julius Halvorsen

Om Fjordkonferansen

Fjordkonferansen vart etablert i 2012 av Møreforsking og UH-miljøa i «Fjordregionen» mellom Sognefjorden og Trøndelagsgrensa. Sidan 2013 har ansvaret for den årlege konferansen gått på omgang mellom UH-institusjonane i Sogndal og Førde, Molde, Ålesund og Volda.  Frå 2019 er tiltaket, som er administrativt lagt til Høgskulen i Volda, organisert som eit samarbeidsprosjekt mellom dei fire institusjonane, Møreforsking og Vestlandsforsking .

Over tid har krinsen av fagfolk som tek del på konferansen vorte utvida til å omfatte fagfolk frå Haugesund, Stord, Bergen, Trondheim og Innlandet. Tilsette ved dei regionale helseføretaka, Fylkesmannen og fylkeskommunane deltek også på konferansen.

Dagens styre består av to personar frå dei fire UH-miljøa- VHL Sogn og Fjordane, HVO, NTNU Ålesund og Høgskolen i Molde, ein representant for Vestlandsforsking og ein for Møreforsking. Sparebanken Møre er hovudsamarbeidspartnar.

Del på