Forskarforum: Råder andre til å flytte til bygda

- Her har vi alt vi treng, seier ekteparet som fekk fast jobb ved Høgskulen i Volda til bladet Forskarforum.

- Her har vi alt vi treng, seier ekteparet som fekk fast jobb ved Høgskulen i Volda til Forskarforum.


Forsidebiletet i siste utgåva av Forskarforum er teke utanfor Berte Kanutte-huset ved Høgskulen i Volda. Tilsette ved HVO deler sine historier om å flytte til Volda for å jobbe, og oppmodar andre som ønskjer fast jobb om å tenkje på alternativ til by-universiteta.

Faksimile Forskarforum - foto: Marius Beck Dahle

Faksimile Forskarforum - foto: Marius Beck Dahle

Elisabeth Teige avslutta si stipendiatperiode i utdanningshistorie ved Universitetet i Oslo, medan ektemannen Ola var i ferd med å avslutte perioden som postdoktor. – Vi gjorde ein avtale om å reise dit den første av oss fekk jobb, seier Elisabeth Teige til Forskarforum.

Ho fekk jobb som førstelektor/førsteamanuensis i samfunnsfag ved lærarutdanninga i Volda. Litt seinare fekk ektemannen jobb som forskingskoordinator ved administrasjonen på Høgskulen. I dag jobbar han som leiar ved Historisk institutt, etter å ha vore innom fast stilling som førsteamanuensis i historie.

- Vi likte oss veldig godt i byen. Men for dei som er i ein livsfase med små barn, er Volda ein fin stad. Og ikkje minst fekk vi bytta ut ei lita leilegheit i Oslo med eit stort hus her til same prisen, seier Ola Teige.

Ved HVO har tilflyttarane Bjarte Folkestad som kollega. Han er ein av Sunnmøringane som har flytta heim, og jobbar med samfunnsfag. I intervjuet med Forskarforum fortel han at noko av det som er bra med Volda, er at alt ligg samla på eit lite område. – Ungane mine kan i praksis gå heile løpet frå barneskule til doktorgradsutdanning innanfor ein gangavstand på 15 minutt, seier Folkestad til bladet.

Del på: