Folksam avslutning av Forskingsdagane på Brandal

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

sverrearnljot230

Bilete: Sverre Sundalsfoll og Arnljot Løset under arrangementet på Ishavsmuseet på Brandal.

- Vi er godt nøgde med at vi kunne ha avslutninga på Ishavsmuseet. Det passar svært godt sidan polaråret er hovudtema for årets Forskingsdagar.

- Dessutan er det med på å understreke den rolla som forskingsaktiviteten i Volda har for heile regionen, kommenterte FoU-konsulent Bente Lien.

12 arrangement
Årets forskingsdagar hadde til saman 12 arrangement, og besøket har jamt over vore godt.

Forskingsdagane i Volda opna fredag 21. september med boklansering.
I eit fullsett auditorium heldt Marie N. Sørbø eit svært interessant foredrag om Jane Austen og korleis bøkene hennar har blitt omsett til norsk.

Suksess med foredrag på radio
Over halvparten av arrangementa i år var lagt utanfor høgskulen, og det er første gong vi har hatt med så mange ulike arrangørar.
Vi har dei siste åra fått til eit godt samarbeid med Volda bygdetun og Eldreuniversitetet i Volda, og i år fekk vi også med oss Ivar Aasen-tunet, Bygderadio Vest og Ishavsmuseet på Brandal. Dessutan stod studentane sjølve – ved Studenttinget i Volda (STIV) – for eit eige arrangement på Rokken. Dei hadde valt å fokusere på klima- og miljøproblematikken og inviterte til miljødebatt. Tre politikarar var debattantar, og arrangørane kunne melde om fullt hus og godt engasjement.

J-525

Sigurd Allern, Sigurd Høst og Paul Bjerke (bak) får omvisning på Sivert Aarflot-museet etter dagsseminaret "Kva er vitsen med journalistikk?" under Forskingsdagane. 

Les meir på www.hivolda.no/forskingsdagane
Du kan også lesa Janita Mo sin rapport frå Ishavsmuseet. Ho er student ved Bachelorgradsstudiet i Informasjon og Media.

Del på