FORNY-midlar på 200.000 kroner til HVO

6. desember sa programstyret for FORNY ja både til HVO sin eigen søknad på kr 200.000 og til FORNY Møre, som søkte om og fekk 150.000 kr. - Dette er svært gledeleg, ikkje minst med tanke på regionalt samarbeid, melder høgskulelektor Bjørn Gunnar Tafjord, som er prosjektleiar for FORNY HVO 2007.

Saman med høgskulelektor Bjørn Gunnar Tafjord er også førsteamanuensis Nathalie Homlong og amanuensis Jan Driveklepp med i prosjektgruppa.

FORNY-programmet i Noregs forskingsråd har som mål å få kunnskapsmiljø som høgskular og forskingsinstitutt til å forske på og utvikle idear og kunnskap som kan kommersialiserast.

- I år søkte Høgskulen i Volda for første gong om såkalla infrastrukturmidlar, det vil seie midlar til tiltak som skal kartlegge HVO sitt potensiale for kommersialisering av FoU-resultat og byggje ein sterkare kultur for kommersialisering av kunnskap gjennom på sikt å etablere eit Senter for innovasjons og entreprenørskap, forklarar Tafjord.

- Dette skal vi gjere som del av den større paraplyen  FORNY Møre, som er eit samarbeid mellom dei tre høgskulane i Møre og Romsdal, og der også fylket er involvert med ein større sum.


Du kan lasta ned søknaden frå Høgskulen i Volda til Noregs forskingsråd. (pdf.fil)

Del på: