Forskarsamarbeid og det grøne skiftet

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

I 2021 lanserte EU-kommisjonen «New European Bauhaus (NEB) Initiative», eit prosjekt kopla til det europeiske grøne skiftet og arbeidet med å nå FN sine bærekraftmål. I juni var ei rekkje forskarar, politikarar, arkitektar, designarar og andre frå ulike fagfelt samla i CIVA-museet i Brussel for å diskutere arbeidet for å nå måla om berekraftige lokalsamfunn. Frå Høgskulen i Volda deltok professor Rolf Werenskjold ved Avdeling for mediefag.    

COST Connect
Torsdag 9. og fredag 10. juni samla ein COST Connect-konferanse ekspertar og interessentar fra ulike felt på tvers av kultur, miljø og økonomi for å utveksle tankar om å oppnå bærekraft gjennom krysssamarbeid. Forskarar frå 15 COST Actions tok del på konferansen under "Festival of the New European Bauhaus Initiative".

– Seminaret eg tok del på var ein del av «Festival of the New European Bauhaus» som vart arrangert av EU-kommisjonen i den belgiske hovudstaden dei same dagane. Forskingsseminaret blei organisert som ein eigen temakonferansen i regi av den europeiske multidisiplinære forskingsorganisasjonen European Cooperation in Science and Technology (COST). COST organiserer jamleg temakonferansar, såkalla COST Action Connect, som tek for seg ulike aktuelle tema. Konferansen eg tok del på var ein slik temakonferanse, og tema var det grøne skiftet og måla i EUs  «New Green Deal». Føremålet med konferansen var å utforske korleis forsking, kunst og kultur kunne bidra til det grøne skiftet, seier professor Werenskjold.

Werenskjold var ein av dei få norske forskarane som vart inviterte til forskarseminaret 9. - 10. juni. Werenskjold fortel at han vart invitert til denne konferansen fordi han var en av leiarane for det no nylege avslutta forskingsprogrammet «COST Action-NEP4Dissent (2017-2022)». Ein COST Action er eit fireårige forskingsprogram i regi av COST.

– Dette programmet forska på alternative kultur og opposisjonelle rørsler i Aust-Europa under den kalde krigen. Eg forska på korleis dei norske media formidla den opposisjonelle Samizdat-kulturen i den siste delen av den kalde krigen og tida etter. Prosjektet er ein del av forskinga mi på norsk utanriksjournalistikk i det tjuande hundreåret.

Det grøne skiftet og media si rolle

– Konferansen var interessant fordi den mellom anna viste at det finns mange ulike perspektiv og faglege tilnærmingar til eit så viktig tema som berekraft og det grøne skiftet. Media si rolle er viktig. Vi treng å utdanne journalistar som er i stand til å stille dei rette spørsmåla. Difor er kunnskap og debatt om journalistikkens innhald så viktig lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Spørsmåla vil bli følgt opp i ulike COST Actions i tida som kjem.

Internasjonalisering

Professor Rolf Werenskjold peikar på at HVO trenger ein langt meir aktiv tilnærming til europeisk forsking og europeiske forskingsmiljø.

Alt for få har teke del i forskingsprogramma COST Actions. Programma finansierer reise og opphald til dei ulike konferansane i programma. I ein COST Action får ein det nettverket ein treng og høve til å knyte kontaktar med kollegaer ved utanlandske universitet, noko som er viktig for fagleg utvikling og publisering internasjonalt. Den type internasjonalisering er sjølvsagt ein viktig del av høgskulens strategi for både forsking og undervisning, avsluttar Werenskjold.

 

Del på