Forskarskule: eit fellesskap utanfor ph.d.-bobla

Tekst: Steinarr Sommerset

- Oppdatert

– I starten var eg usikker på om det berre ville stele tid, men forskarskulen har vist seg å vere eit viktig bidrag i doktorgradsarbeidet mitt, fortel stipendiat Oddvar Aalde.

– Forskarskulen er eit tilbod som kan hjelpe deg med framdrift i ditt eige prosjekt. Det er eit tverrfagleg og sosialt fellesskap. Det er lett å bli sitjande litt i si eiga boble når ein er stipendiat, så det å søkje seg litt ut er viktig, seier ph.d.-stipendiat Oddvar Aalde ved IPAS på Høgskulen i Volda (HVO).

Han har tidlegare vore skuleleiar i grunnskulen og studieleiar i lærarutdanninga, noko som vekte interessa for korleis andre jobbar med leiing i høgare utdanning. No ligg målstreken om lag eit år framme i tid for avhandlinga hans, Studieledelse for helhetlige og sammenhengende lærerutdanningsprogram.

Før disputasen ved UiO er det artikkelskriving som gjeld, og her har forskarskulen PROFRES 2.0 vore eit nyttig verktøy.

– Eg har vore knytt til PROFRES sidan hausten 2022. Eg var først ikkje klar over moglegheita, og eg vil anbefale stipendiatar å prøve å kople seg på dette tidleg i doktorgradsløpet sitt, understrekar Aalde.

Personleg og fagleg utvikling

La oss spole tilbake litt. Kva er eigentleg ein forskarskule? Det er typisk ikkje ei fysisk bygning eller eit introkurs for å bli forskar, men helst eit nettverk der forskarar kan møtast, samarbeide og hjelpe kvarandre.

PROFRES er ein av fleire forskarskular som Høgskulen i Volda er medlem av. PROFRES er for profesjonsretta og praksisnær forsking innan helse, velferd og utdanning. Forskingsrådet står for finansieringa, og PROFRES skal vere ein sosial arena for personleg og fagleg utvikling som eit supplement til ph.d.-programma i Noreg. Forskarskulen har opptak to gonger i året, og stipendiatar deltek normalt i tre år.

– Eg var litt usikker i starten og spurde meg sjølv: Vil dette hjelpe meg i arbeidet eller berre ta tid? Men eg har sett at PROFRES er nyttig på fleire måtar, og sjølv om ikkje alt innhaldet treffer akkurat mitt prosjekt, så blir forskarskulen i sum eit viktig bidrag i ph.d.-arbeidet, fortel Aalde.

Han framhevar til dømes verdien av positiv stadfesting frå eit nettverk av andre i same båt.

– Som stipendiat kan ein fort lure på kva ein eigentleg driv med. Det er lett å svekkje trua på sitt eige prosjekt og seg sjølv, og då kan sånne fellesskap løfte deg og skape framdrift. For du er ofte ganske åleine som stipendiat. Det er ingen andre rundt deg som driv med akkurat det same, og då er det viktig å kunne få slik input.

Det er lett å bli sitjande litt i si eiga boble når ein er stipendiat, så det å søkje seg litt ut er viktig.

Oddvar Aalde, ph.d.-stipendiat

Mykje å lære av andre

Aalde fortel at første steg inn i forskarskulen er ein god søknad.

– Ein søkjer med utgangspunkt i sitt eige doktorgradsprosjekt, argumenterer for kvifor prosjektet er relevant for PROFRES, og skriv litt om korleis ein sjølv vil bidra i forskarskulen.

Det handlar nemleg ikkje berre om ditt eige prosjekt – «elevane» ved forskarskulen må løfte blikket og vere aktive bidragsytarar.

– Å vere med er nyttig både for di eiga skriving og gjennom det du lærer av andre, for du må setje deg inn i andre sitt arbeid og øve på å gi feedback. For min del er det også nyttig å øve på å formidle og gi tilbakemelding på engelsk, sidan ein samarbeider internasjonalt.

Aalde trekkjer også fram nytten av å diskutere til dømes metode, forskingsetikk og praksisretting på tvers av fagområde.

– Uavhengig av kva ein forskar på, kan ein finne mange fellestrekk i kvarandre sitt arbeid. Eg får også nye innspel til spesielt metode og spørsmål som eg ikkje har tenkt over at folk lurer på. Det blir ein viktig peikepinn om korleis eg bør formulere meg og forklare ting, fortel han engasjert.

På reis med framdrift i bagasjen

Også for stipendiatar er det kjærkome å kunne møtast på meir enn berre video etter koronatida. Når vi møter Aalde på kontoret ein lun sommarmorgon, sit han og jobbar med søknaden til ein internasjonal sommarskule for stipendiatar i Roskilde i Danmark – eit av tilboda PROFRES har.

– Det er eit nyttig spark bak å måtte levere noko i forkant. Temaet der blir metode og analytiske perspektiv, og sjølve opphaldet blir fire intense dagar med fagleg påfyll, fokus på eige arbeid og tilbakemeldingar. Etterpå håpar eg å reise heim med framsteg eg kan bruke i artiklane mine og avhandlinga mi, seier Aalde.

Saman med tre andre HVO-stipendiatar skal han også på skriveopphald på Lesvos gjennom PROFRES i september. På den greske øya ventar ein vekelang workshop der stipendiatane kan konsentrere seg om sitt eige prosjekt gjennom skriveøkter, feedback frå ein mentor og litt gruppearbeid.

– Det å få ein mentor er flott, for det er ikkje alle som er like røynde med sjølve skrivearbeidet. Ein har interesse for fagfeltet sitt og ønskjer å forske, men mange, inkludert meg, synest det kan vere vanskeleg å skrive gode artiklar. Enkelte stipendiatar treng nok også nokon som passar på litt, og då er «shut up and write»* ein nyttig metode – ein kan ikkje drive og sjekke telefonen sin då, ler Aalde.

*Shut up and write går ut på å arbeide intensivt med si eiga skriving i eit fellesskap. Eit døme er at alle jobbar stilt, individuelt og utan distraksjonar i 45 minutt, for så å ta pause saman i 15 minutt utan desse restriksjonane.

Stipendiat Oddvar Aalde ved Høgskulen i Volda.
Oddvar Aalde vil anbefale stipendiatar å kople seg på ein forskarskule tidleg i doktorgradsløpet sitt, og han tek gjerne ein prat med dei som vurderer tilbodet. Foto: HVO / Steinarr Sommerset.

Fruktbare ringverknader

Stipendiat Oddvar Aalde ser fleire positive ringverknader av at han har engasjert seg i PROFRES. No er han også vald inn som ph.d.-kandidat i styret til forskarskulen.

– Det har gitt meirverdi å få vere med på utviklinga av PROFRES. Ein knyter også kontaktar både nasjonalt og internasjonalt. Du finn folk du tenkjer at du kan samarbeide med seinare, til dømes gjennom å skrive ein forskingsartikkel saman, så møtepunkta er midt i blinken for alle partar.

Tidsklemma er eit velkjent leiemotiv for stipendiatar, anten det gjeld å fullføre på normert tid eller å balansere forskinga med undervisning og eit liv utanom.

– Ein må så klart passe på at det å engasjere seg ikkje går utover sjølve doktorgradsprosjektet, der tid er ein viktig faktor. Men i sum har eg vakse på å vere med i PROFRES – og det har hjelpt meg vidare i mitt eige prosjekt, meiner Aalde.

Stipendiatar som er interesserte i PROFRES, må berekne noko tid til å skrive søknad og få anbefalingsbrev frå rettleiaren sin. Tilrådinga er at ein søkjer opptak til PROFRES i første halvdel av doktorgradsløpet sitt. Neste opptak har søknadsfrist 15. august.

– Det er berre å kontakte meg eller andre PROFRES-medlemmar om ein har spørsmål, smiler Oddvar Aalde, som trygt kan anbefale forskarskule til andre ph.d.-stipendiatar.

Del på