Forskingsdagane 2012

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

8456d0b2f9bef13bba5a10c286133c02faf28177

Det er Noregs forskingsråd som i samarbeid med universitet, høgskular, forskingsinsitutt, bibliotek, museum, kommunar og næringsliv som står bak.

Kvart år blir det utforma overordna tema og slagord for Forskingsdagane på nasjonalt plan. I 2012 er tema  «Samfunn» og slagordet er «Den menneskelege faktor». I Volda markerar vi dette temaet med fleire  samfunnsrelevante arrangement . Vi set mellom anna søkjelyset på det fleirkulturelle samfunnet - korleis kan vi unngå misforståingar som kan føre til konflikt? Vi skal også ta ein tur i lokalsamfunnet i ei samfunnshistorisk vandring i gamle Volda sentrum.

Årets program er godt og variert, med noko for ein kvar smak. Det blir temadagar om det amerikanske valet, korleis ein kan utdanne gode lærarar i framtida, og mediedekninga etter 22. juli-åtaket. Det blir innført eit nytt arrangement i år – Forskar-standup. I tillegg blir det fleire spanande foredrag, og tradisjonen tru blir det matkulturdag på bygdetunet.

For meir informasjon om kvart program, sjå sidene til Forskingsdagane ved høgskulen eller eit av dei fine programhefta som blir lagt ut i neste veke.


Arrangementa er gratis og opne for alle.

Du finn oss óg på Facebook og Twitter!
Følg oss for nye oppdateringar om planleggjing og program, og hugs å dele sidene med vener og kjente:

2c337746ed048dc8175126e392f89711b938a722  ff00f7dc6c03ef90be09526bd162afdfda96a4d6

Vel møtt!

1d5060951786b4db4d211e6dfe1996807d56daf1

Frå Forskingsdagane 2011 - forskarane Erik Fooladi (HVO) og Øystein Foss (UiO) får eit glas til å forsvinne ved hjelp av rapsolje.

Foto: Maria Henriksen-Sandvær

Del på