Forskingsdagane: Selfies – inntrykksstyring og iscenesetjing

Tekst: Geir Tangen

- Oppdatert

768bcc68bf282a1e57c75c49d5ea5639
Førsteamanuensis ved Avdeling for mediefag Erling Sivertsen oppfordra dei frammøtte til å ta ein selfie og dele den i sosiale medium. 

«Selfie» var årets nyord i 2013, men sjølvportrett er ikkje noko nytt fenomen. Vi har vore opptatt av oss sjølve og vårt eige bilete lenge. Kunstnarar som Van Gogh og Edvard Munch er til dømes kjende for å ha malt sjølvportrett. Robert Cornelius vert rekna som den som tok det første fotografiske sjølvportrettet i 1839. Selfies har spreidd seg til alle lag, paven, presidentar, politikarar og popstjerner tar bilete av seg sjølve og postar det i sosiale medium.

─ Selfiar er ei form for spontanitet, sjølvrefleksjon, sjølvutforsking, sjølvpresentasjon og sjølviscenesetjing. Dei fleste selfiane er berekna for scena vi opptrer på, medan andre er berekna på kulissene vi lev i, sa Sivertsen.

Frå kamera for få til kamera for massene

Fotografering var førehaldt dei få i nesten hundre år, men masseproduksjon av kamera i 1930-åra gjorde det meir allment. Fotografering var då ei privatsak og det vart som oftast fotografert i spesielle anledningar.

─ Selfiar er derimot ei offentleg sak, og ein eigen sjanger som er sterkt knytt til sosiale medium. Fotografiet blir stadig meir påverka av applikasjonane, og blir i mindre grad fotografi. Applikasjonane gjev fotografia eit gjennkjenneleg uttrykk, skapar globale brukarerfaringar og spelar på same forteljingsform. Dette vert kalla «softwareifisering», sa Sivertsen.

Kvifor tar vi selfies?

Sivertsen hevdar at ein del av forklaringa bak kvifor vi tar selfies er at det er ei form for intrykksstyring og iscenesetjing. Til dømes når maktpersonar søker folkelegheit.  

─ Det er også ekshibisjonisme og narcisisme inn i bilete, og ikkje minst identitetsjakt. Det er ei sjølvutforsking, ein sjølvrepresentasjon, og ei jakt på flest mogeleg likes.

Foredraget var eit arrangement i høve Forskingsdagane 2014

Del på