Forskingsprosjekt får 12 millionar

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

– Svært verdifullt, meiner forskingssjef Henriette Hafsaas om forskingsprosjektet som Høgskulen i Volda er ein del av og som har fått tildelt 12 millionar kroner frå Forskingsrådet.

Høgskulen i Volda er partnar i forskingsprosjektet "Non-formal faith education, the public school, and religious minorities in Norway" som nett har fått ei løyving på ca. 12 millionar frå Forskingsrådet under programmet for Forskerprosjekt for fornyelse. 

Forskingssjef ved Høgskulen i Volda, Henriette Hafsaas, er glad for tildelinga og meiner det er eit kvalitetsstempel. 

– Det er svært verdifullt for Høgskulen i Volda å få tilslag på søknader frå Forskingsrådet. Tilslag betyr både at vi har forskingsprosjekt av høg fagleg kvalitet og at vi får utført meir forsking når vi får tilført eksterne midlar.  

Prosjektleiar er professor Anders Aschim, Høgskolen i Innlandet. Aschim har tidlegare vore professor og professor II ved Høgskulen i Volda. For Høgskulen i Volda blir prosjektdeltakarane: Førstelektor Bente Afset og førsteamanuensis Hildegunn Valen Kleive, begge tilsett ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning og førstelektor Lars Julius Halvorsen, ved Avdeling for mediefag. 

Forskingsrådet har vurdert søknaden til karakteren 6 – Excellent, på alle dei sentrale vurderingskriteria. 
 

Del på