Fortidas Facebook: Etterlysing av "klassebøker"

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Mange tidlegare studentar ved Volda lærarhøgskule heldt kontakten med kvarandre i mange år etter dei var ferdige med utdanninga.Det gjorde dei blant anna ved å skrive "klassebøker" der dei skreiv ei side eller to om liv og lagnad, og så sende boka vidare til andre klassekameratar. – Vi oppmodar alle som har slike bøker å sende oss dei, seier emeritus Kjell-Arild Madssen.

Somme av bøkene heldt det gåande i fleire tiår, og gir i sum eit fasinerande bilde av den skiftande lærarrolla i etterkrigstida. Etterkvart som det vart færre og færre som skreiv i desse bøkene, har mange kome fram til at dei ville gje frå seg bøkene til Høgskulen i Volda til bruk i forsking og utvikling.

Kjell-Arild Madssen er emeritus ved Høgskulen i Volda og har dei siste åra arbeidd med å systematisere og analysere klassebøkene. Og han tek gjerne i mot fleire.

Kjell-Arild Madssen.
Kjell-Arild Madssen tar gjerne i mot fleire slike klassebøker.

– Tar gjerne i mot klassebøker

– Eg er heilt sikker på at det finst mange herrelause klassebøker liggande rundt omkring, seier Madssen. Han seier at Høgskulen i Volda gjerne tek i mot slike klassebøker, og at det er heilt vanleg at gjevarane stiller vilkår både til tilgang og bruk av bøkene. Som til dømes at dei skal brukast til forsking og ikkje bli ålment tilgjengelege.

– Kastar eit interessant lys over "lærarskulekulturen"

Klasse- eller brevbøker var lenge relativt vanleg i lærarskulemiljø over heile landet.

– Eitt utgangspunkt ser ut til å ha vore minnebøkene, som klasse-/kullvenner skreiv helsingane sine inn i før dei dei reiste kvar sin veg etter utdanninga i Volda. Vi har f. eks. minneboka til den seinare så kjente misjonæren Johannes Gausdal frå Gomsdalen i Geiranger. Han gjekk på Volda lærarskule frå 1909 til 1911. Boka har stive permar og tittel med gullskrift: «Minne fraa lærarskula i Volden». Her har  kullkameratane skrive inn helsingar. Noko seinare ser det ut til å ha blitt vanlegare med brevbøker/klassebøker. Desse ble sendt på omgang i klassen, seier Madssen.

Nokre gongar varte skriveprosjektet nokre år, andre gonger klarte dei (med kanskje nokre års opphald) å halde liv i skrivinga til langt opp i pensjonsalderen. Høgskulen i Volda (HVO) har i dag brevbøkene til seks klasser, fire 4-årige og to 2-årige. Alle tok lærarutdanninga si på 1930- og 1940-tallet. Til saman omfattar bøkene om lag 7000 i hovudsak handskrivne sider. Det meste er tekst, men det er også innlimte bilde, melodiar, dikt, avisutklipp med minneord og liknande. 

– Vi veit at det må ha vært fleire bøker. Av og til vert det referert til andre klassers tapte bøker. Avbrot i skrivinga skuldast ofte at nokon gløymde å sende boka vidare. Etter nokre år kan den dukke opp og vert igjen sett i sirkulasjon. Tekstane kastar eit interessant lys over det ein kunne kalle «lærarskulekulturen» i Volda, og den yrkeshaldninga desse lærarane representerte, avsluttar Kjell-Arild Madssen..

Fortidas Facebook.

Del på