FoU-prisen til Reidun Aambø

Forskings- og utviklingsprisen ved Høgskulen i Volda vart delt ut fredag 23. september i samband med opninga av Forskingsdagane 2016, og gjekk til førstelektor Reidun Aambø. Målet med FoU-prisen er å rette merksemda mot FoU-arbeid gjennom å synleggjere og heidre framifrå innsats.

1d88d92b0ba9c85bf6384c557b33fe87
Prisvinnar Reidun Aambø og rektor Johann Roppen med det synlege beviset på årets FoU-pris.

I tildelinga la høgskulestyret vekt på at Reidun Aambø er av dei mest produktive forskarane og formidlarane ved Institutt for språk og litteratur.

Ho har ei svært stor breidde i forskingsproduksjonen sin, og har skrive for både lek og lærd. Ho har vore redaktør for og skrive eigne artiklar som presenterer forskinga hennar i fagbøker som når eit smalare fagorientert publikum t.d. i boka Litteraturmøte (1999).

I samband med dette har ho hatt eit utal papers og inviterte  innlegg på forskarkonferansar i innland og utland. Her presenterer ho nybrotsarbeid innanfor feltet litteratur av og for innvandrarar/ minoritetsspråklege. Fleire av artiklane der, både hennar eigne og andre, har funne vegen til pensumlister innan høgre utdanning. Som lærar på NIS (før NUS) i 25 år har ho lese og retta tekstane til studentar frå over 100 ulike land, og ho har interessert seg for deira møte med den norske akademiske skrivekulturen. Dette har ført til fleire konferanseinnlegg og eit bokkapittel om korleis ein kan førebu utanlandske studentar på den skrivekulturen som dei vil møte på fagstudia.

Les helsingstalen frå rektor Johann Roppen til Reidun Aambø her.

Aambø har også vore redaktør for boka Typisk norsk å være uhøflig?, som kom i 2005. Boka er kanskje retta mot eit breiare publikum, men også her har redaktørens innleiingskapittel vorte omsett til fleire språk (engelsk, tysk, russisk, kinesisk, swahili, polsk, spansk og arabisk) og funne vegen til fleire pensumlister. I samband med boka har Aambø vorte invitert til å halde føredrag mange populære tilstellingar som t.d. japansk-norsk foreining i Tokyo, folkemøte, næringsforeiningar og helsevesenet , så vel som meir fagleg prega seminar og konferansar. Boka har vekt så mykje allmenn interessa at Aambø fleire gonger har vorte intervjua  i riksdekkande medium som t.d. Aftenposten og NRK.

Kina spelar ei stadig viktigare rolle i verda. Aambø har  gjort mykje – heilt på eiga hand – for at ein skal forstå Kina og kinesarar betre, - og ikkje minst: for at kinesiske studentar i Noreg skal finne seg til rette i studiekulturen vår. «Kina-prosjektet» til Aambø er stort og mangfaldig, det har ført til forsking -  som igjen har ført til innlegg på konferansar og seminar i akademia, men også til besøk på den kinesiske ambassaden i Oslo. Der fekk ho presentere ei «innføringsbrosjyre» ho har skrive om det å vere student i Noreg, særleg retta inn mot kinesiske studentar. Denne brosjyren sender den kinesiske ambassaden til studentar før dei reiser til Noreg. Igjen ser ein korleis Aambø kombinerer det praktiske, jordnære og populære med høg forskingskvalitet.

Styret ved Høgskulen i Volda (HVO) har sidan 2006 delt ut FoU-prisen for å heidre framifrå forskings- og utviklingsarbeid.

Sjå heile programmet for Forskingsdagane 2016.

Del på: