Gjort stas på etter fagleg opprykk
Ved Høgskulen i Volda har heile 37 faglege tilsette oppnådd opprykk dei tre siste åra. Det vart markert med ein festmiddag tysdag.
Ved Høgskulen i Volda har heile 37 faglege tilsette oppnådd opprykk dei tre siste åra. Det vart markert med ein festmiddag tysdag.
Høgskulen i Volda har tradisjon for å markere dei som har oppnådd fagleg opprykk til førstelektor, førsteamanuensis, professor eller dosent ved å invitere til ein festmiddag.
Markeringa for åra 2019 – 2021 vart gjort med eit arrangement på Rekkedal Gjestehus tysdag 22. mars 2022. Lenger ned i saka kan du sjå liste over alle dei 37 med opprykk.
– Heile høgskulen er glade
I tillegg til mange av dei som vart feira for sitt opprykk var også dekanar og rektor Johann Roppen til stades. Roppen gleda seg med dei som vart feira, men løfta også blikket litt då han gratulerte dei.
– Gratulerer først og fremst til dykk som har fått opprykk. De er hovudpersonane her i kveld, og eg håper at de kjenner på at heile høgskulen er glade for det de har oppnådd. Og så håper eg også at andre kjenner på at dei har vore med på ferda: Fagmiljøa som har støtta opp om dykk, til kollegane som har bidrege på ulike måtar, og også det samla akademiske fagmiljøet vi er ein del av, sa Roppen under middagen og la til:
– Eit fagleg opprykk er både ein individuell prestasjon, men også resultatet av eit fagmiljø som både ønsker og treng fleire tilsette med høg kompetanse.
Rektor og dei andre som var til stades fekk høyre ein presentasjon om kvar av dei nyopprykte, kva dei forskar på og kva faglege interesser dei har. Nyttig både for kollegaer på eigen avdeling, men ikkje minst på tvers av avdelingane, for mogleg kunnskapsutveksling og forskingssamarbeid.
Mange fleire på gang
Høgskulen har på institusjonsnivå dei siste åra arbeidd breiare og meir systematisk med opprykk enn tidlegare år. Det siste året har det blitt tilsett fleire stipendiatar enn nokon gong ved Høgskulen i Volda.
– Blant anna har vi hatt fleire seminar der opprykk har stått på dagsorden, og av ein eller anna grunn har det vore klatring i bratte fjell som har vorte brukt som visuell formidling av opprykk. Det gir jo mange moglegheiter for å bruke metaforar og samanlikningar om å hale seg opp, å ha ei sikring, å stole på fjellvande og ikkje minst at det er fantastisk utsikt når du kjem til toppen, sa Roppen til frammøtte.
Han peika på at det er heile 60 stykk som er inne i ulike doktorgradsløp ved Høgskulen i Volda. Om lag ein tredel av dei på fellesgraden i helse- og sosialfag. Høgskulen held fram med ordningar for professor- og dosentstipend.
– Det ser lovande ut for opprykksmarkeringar også i framtida, smilar rektoren.
Her er dei tilsette som har fått fagleg opprykk:
Bergset Gunnhild | Førstelektor | Institutt for pedagogikk | |||
Bolstad Oda Heidi | Førsteamanuensis | Institutt for realfag | |||
Brekke Marit Lovise | Førstelektor | Institutt for språk og litteratur | |||
Bårdseth Gro Anita | Førstelektor | Institutt for planl., adm. og samf.fag | |||
Conradsen Stein | Førsteamanuensis | Institutt for pedagogikk | |||
Djupvik Alf Roger | Dosent | Institutt for planl., adm. og samf.fag | |||
Eiksund Hjalmar Trond | Førsteamanuensis | Institutt for språk og litteratur | |||
Festøy Anne Randi Fagerlid | Førsteamanuensis | Institutt for pedagogikk | |||
Folkestad Bjarte | Professor | Institutt for planl., adm. og samf.fag | |||
Fondevik Birgitte | Dosent | Institutt for språk og litteratur | |||
Fuglseth Kristian | Førstelektor | Institutt for kommunikasjon | |||
Hareide Gaute | Førstelektor | Institutt for journalistikk | |||
Hovlid Ellen Lexerød | Professor | Institutt for journalistikk | |||
Høydal Steinar | Førstelektor | Institutt for journalistikk | |||
Kleive Hildegunn Valen | Førsteamanuensis | Inst. for religion, livssyn og kyrkjefag | |||
Leer-Salvesen Kjartan | Professor | Institutt for sosialfag | |||
Lied Silje Ims | Førstelektor | Institutt for pedagogikk | |||
Meier Antje Else Hete Frieda | Førstelektor | Institutt for realfag | |||
Moltudal Synnøve | Førsteamanuensis | Institutt for digital kompetanse | |||
Myklebust Vidar Kjetil | Dosent | Institutt for sosialfag | |||
Ouff Susanne Moen | Førstelektor | Institutt for planl., adm. og samf.fag | |||
Reed Beatrice Marlen Unn Gustafsson | Førsteamanuensis | Institutt for språk og litteratur | |||
Røys Eli Margrethe Fjeldseth | Førstelektor | Institutt for sosialfag | |||
Salhus Øystein | Førstelektor | Seksjon for musikk | |||
Solli Karstein | Førstelektor | SEANSE | |||
Standal Egil Arne | Førsteamanuensis | Institutt for sosialfag | |||
Stokken Roar | Professor | Institutt for sosialfag | |||
Synnevåg Ellen Strøm | Førsteamanuensis | Institutt for planl., adm. og samf.fag | |||
Søvik Eirik | Professor | Institutt for realfag | |||
Tonheim Odd Helge Mjellem | Førstelektor | Institutt for realfag | |||
Torrissen Wenche | Professor | Seksjon for teater og drama | |||
Vattøy Kim-Daniel | Førsteamanuensis | Institutt for språk og litteratur | |||
Vikane Jan Håkon | Førsteamanuensis | Institutt for realfag | |||
Øie Kjetil Vaage | Førsteamanuensis | Institutt for journalistikk | |||
Folkestad Andre | Førstelektor | Institutt for journalistikk | |||
Eidså Larsen Endre | Ph.d. | Institutt for film og animasjon |
| ||
Donohue Natalie Ann | Ph.d. | Institutt for språk og litteratur |
|