God auke i søkjarar til Volda

Høgskulen i Volda har ein god auke i talet på førsteprioritetssøkjarar i Samordna opptak samanlikna med fjoråret. Dette er klart etter at søknadsfristen gjekk ut 15. april.

?hash=7b28ffd68a4eb0585ae4de50263756a6

Samla auke

foto_tilsette_gonnie_smit_foto_OlavStandalTangen.jpg220.jpg

– Vi har ca 100 fleire søkjarar gjennom Samordna opptak (SO) samanlikna med i fjor, noko som svarar til ein auke på nesten 10 prosent, seier studiedirektør Gonnie Smit. Høgskulen i Volda (HVO) får omlag halvparten av sine studentar frå Samordna opptak og resten kjem frå lokalt opptak direkte til Høgskulen.  
– Også når vi ser på tala frå SO og tala frå det lokale opptaket under eitt, har vi ein auke i førsteprioritetssøkjarar. Søking til bachelorgrader, årsstudium, vidareutdanningar, mastergradar og praktisk-pedagogisk utdanning har ein framgang samanlikna med i fjor, seier Smit.

rekordsøking til planlegging og administrasjon

Instiutt for planlegging og administrasjon og skuleretta samfunnsfag har rekordmange primærsøkjarar på alle sine studietilbod: Skuleretta samfunnsfag, bachelor i planlegging og administrasjon, årsstudium i samfunnsvitskap og master i samfunnsplanlegging.

Idrett og friluftsliv i vinden

Bachelor i idrett er svært populært og har stadig fleire søkjarar. Også årsstudia i idrett og i friluftsliv opplever god søking. Dei praktiske og estetiske faga har ein liten nedgang i søkjartal samanlikna med i fjor. 

Lærarutdanning i Volda

Det har vore knytt spenning til opptaket til lærarautdanningane etter at desse mellom anna er gjort om til femårige masterløp frå hausten. På landsbasis er tendensen negativ, med færre søkjarar både til Grunnskulelærarutdanning 1-7 og til Grunnskulelærarutdanning 5-10. Trass nedgang i søkjarar nasjonalt, har HVO ein klar auke i søkinga til Grunnskulelærarutdanning 5-10. 
– Dette er svært gledeleg, seier studiedirektør Smit. Grunnskulelærarutdanninga 1-7 følger dei nasjonale tendensane, samstundes er det ein klar auke i søkinga til andre skulefag ved HVO, som norsk og historie.

Det er ei stabil søking på barnhagelærarutdanning (BLU) og det nyoppretta tilbodet på deltid har god søking. Det er også ein auke til PPU-studia.

Mange søkjarar til sosialfaga

Barnevernspedagogutdanninga har ti prosent fleire søkjarar ved HVO i år samanlikna med i fjor, sjølv om utdanninga på landsbasis har ein liten nedgang. Sosionomutdanninga følger den nasjonale trenden og har ein auke i søkjarar samanlikna med fjoråret.

?hash=565e1408b2a100f8bce53b568fcd33dfMediehøgskulen

Dei mange medieutdanningane i Volda har noko nedgang i søkartala, og dette er ein nasjonal trend. Men det er framleis vanskeleg å kome inn på journalistikkstudiet med spesialisering for tv og radio, med 100 søkjarar til ca 30 studieplassar. 
– Den nye engelskspråklege masteren i Media practices har svært god søking, seier rektor Johann Roppen, 
– og Høgskulen i Volda vil også i framtida vere mediehøgskulen, seier han.

Opptaket til dei fleste mastergradane og vidareutdanningane er framleis ope. 
– Dei fleste vil kunne finne eit interessant studium - og alle får hybel, lovar høgskulerektor Johann Roppen.

Pressefoto:

Studiestart 2016
Studiedirektør Gonnie Smit
Rektor Johann Roppen

Del på: