Heidersskrift til professor Per Halse

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Per Halse, professor i kristendomskunnskap, religion, livssyn og etikk (KRLE) ved Høgskulen i Volda, fylte 65 år 24. januar 2022. I heidersskriftet «Tru, språk og historie» vert Halse hylla av fagfellar, kollegaer og vener.

Professor Per Halse har særleg arbeidd med emne innan bibelfag og norsk skule- og kyrkjehistorie. Framfor alt har han levert sentrale bidrag til historia om nynorsk kyrkjespråk. Dette var tema for doktoravhandlinga hans frå 2009, eit viktig pionerarbeid som seinare mellom anna har vorte utdjupa og supplert gjennom biografien om Peter Hognestad frå 2016 og i boka om Fyrebilsbibelen som kom til hundreårsjubileet i 2021.

Professor Per Halse
Professor Per Halse har særleg arbeidd med emne innan bibelfag og norsk skule- og kyrkjehistorie. Framfor alt har han levert sentrale bidrag til historia om nynorsk kyrkjespråk.

Halse er ein framifrå formidlar innanfor sine forskingsområde, og han har skrive fleire lærebøker for høgre utdanning. Han har hatt leiaroppgåver både i og utanfor høgskulemiljøet.

Boka «Tru, språk og historie» er gitt ut på Religionsfag profil/Cappelen Damm Akademisk og er ei bok som gjer stas på Per Halses akademiske arbeid. I dei tolv artiklane i boka speglar forfattarane forskingsinteressene til jubilanten og spenner over både kyrkjehistoriske, litteraturhistoriske, språkhistoriske og didaktiske emne.

Del på