Hjalmar Eiksund har disputert ved UiB

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Hjalmar Eiksund disputerte 27. mai 2021 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: «Samanheng og samanfall».

Doktoravhandlinga tar for seg utviklinga av skriveferdigheiter for norskspråklege elevar i grunnskulen, og undersøkjer om desse varierer med opplæringsmålet til elevane. Datamaterialet er samla inn og vurdert i samarbeid med Normprosjektet (2012–2016) Developing national standards for the assessment of writing. A tool for teaching and learning, og inkluderer elevtekstar skrivne av eit utval elevar frå dei starta i sjette klasse til dei avslutta grunnskulen i tiande klasse.

Avhandlinga er bygd opp rundt fire forskingsartiklar. Den første er ein litteraturstudie av relevant forsking om nærskylde tema. I artikkelen bli omgrepet «monolingual biliteracy» lansert som ei skildring av effekten av den norske språksituasjonen med eitt nasjonalspråk med to skriftspråk utan tilhøyrande standardtalemål. Den andre artikkelen undersøkjer kva føresetnader elevar har for å lære seg bokmål eller nynorsk som sidemål. Den tredje artikkelen fokuserer på kvifor elevar med nynorsk som hovudmål ser ut til å ha fleire normaavvik enn bokmålselevar. Den siste følgjer språkpraksisane til ein elev som har skifta hovudmål frå nynorsk til bokmål, men som framleis bruker nynorsk og skriftleg dialekt når situasjonen krev det.

I avhandlinga blir funna frå dei fire delstudiane mellom anna drøfta i lys av teoriar om tospråklegheit. Her blir erfaringane til nynorskelevar og bokmålselevar samanlikna med utfordringane minoritetsspråklege og majoritetsspråklege elevar møter i fleirspråklege samfunn. Dei ulike føresetnadene blir drøfta i lys av den pedagogiske praksisen transspråking, der aktiv bruk av begge skriftspråka blir trekt fram som grunnlag for ein ny parallellspråksdidaktikk.

Eiksund er tilsett ved Institutt for språk og litteratur, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, Høgskulen i Volda.

På heimesida til UiB finn du meir informasjon om disputasen og avhandlinga til Eiksund.

Tekst: Hjalmar Eiksund/Geir Tangen.
 

Del på