HVO PÅ ESWR-KONFERANSEN I LISBOA

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

ESWR er ein organisasjon som gjennom årlege konferansar stimulerer til forsking og nettverksbygging i sosialt arbeid. Frå ein forsiktig start for seks år sidan, har desse konferansane vorte viktige og populære formidlingsarenaer.

SÅRBAR UNGDOM

Gerd Skjong presenterte funn frå det longitudinelle forskingsprosjektet «Sårbar ungdom», eit prosjekt ho deltek i saman med fleire andre forskarar ved Høgskulen i Volda (HVO).

Prosjektet, under leiing av  professorane Jon Olav Myklebust, Rune Kvalsund og Finn Ove Båtevik, har følgt ungdom som starta i vidaregåande skule på særskilde vilkår midt på 90-talet, og 20 år vidare i ungdomane sitt liv.

Skjong har analysert eit materiale der unge vaksne menn har motteke arbeidsretta tiltak gjennom NAV. Utover å presentere det metodologiske og teoretiske, formidla ho eit narrativ som illustrerte livsløpet til ein ung mann med alvorlege lese- og skrivevanskar, frå han begynte på vidaregåande skule til han midt i 30-åra får hjelp frå NAV til å etablere eiga lita bedrift.

– Vi ser korleis både individuelle - og kontekstuelle faktorar verkar saman og påverkar utvikling av eit livsløp. Omgjevnadane skaper muligheiter og avgrensingar for ungdoms handlekraft, og det offentlege støttesystemet var der då han trong det som mest, sa Skjong.

ENDRA RAMMEVILKÅR I PROFESJONSUTØVING

Professor Tor-Johan Ekeland er prosjektleiar for eit forskingsprosjekt med økonomisk støtte frå UH-nett Vest. Om lag 2000 sosialarbeidarar på Vestlandet har tatt del i ei spørjeundersøking om ulike sider ved profesjonsutøvinga.

Tor-Johan Ekeland og Vidar Myklebust presenterte analysar knytt til sosialarbeidarane sine meiningar om evidensbasert kunnskap i profesjonsutøvinga. Funna viser at mange var usikre på kva dei skulle meine om evidensbasert praksis, men at usikkerheita var klart mindre hos dei med mastergrad. Desse tok meir tydeleg standpunkt for eller mot evidensbasert praksis. Dei som arbeider i barnevernet var minst kritisk til evidensbasert praksis. Vidare kunne Ekeland og Myklebust vise til at dei som opplevde at rommet for bruk av skjønn hadde minka og bruken av kontroll og detaljstyring av deira yrkesutøving hadde auka, var dei som var mest kritisk til evidensbasert sosialfagleg arbeid.

INSPIRERANDE

– Det er inspirerande å ta del på denne type forskingskonferansar, uttaler Hallgerd Conradi som var med i delegasjonen frå HVO.

43ab678baca345dda610f1a3ef7c7560

Tor-Johan Ekeland, Gerd Skjong, Hallgerd Conradi og Vidar Myklebust.

Om lag 75 presentasjonar vart formidla i sesjonar, symposium, «workshops» med tema knytt barnevern, familievern, flyktningar, profesjonsutdanning med meir. Conradi har arbeidd innanfor faget sosialt arbeid i 40 år, og ho ser at denne typen konferansar får fram vitalitet og inspirasjon til å vidareutvikle av faget.

Del på