HVO REPRESENTERT PÅ ESWRA-KONFERANSEN

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

18.- 20. april gjekk den åttande European Conference for Social Work Research (ESWRA) av stabelen i Edinburgh. HVO var representert ved professor Tor-Johan Ekeland, førsteamanuensis Alf Roger Djupvik og førstelektor Vidar Myklebust – alle frå Avdeling for samfunnsfag og historie.

 

Dei tre var med under to presentasjonar.

Den eine var saman med kollegaer frå Cardiff University med titlen «Changing Times for Social Work: A Tale of Two Countries – Norway and Wales». Denne presentasjonen bygger på eit komparativt forskingsprosjekt, mellom Cardiff University og HVO, der ein ser på arbeidsvilkåra for sosialarbeidarar i Wales og Norge.

Den  andre presentasjonen var ved Ekeland og Myklebust der dei med grunnlag i ein survey om norske sosialarbeidarar tok føre seg temaet: «Social work in mental health. Epistemological identities and preferences among social workers».

Ambisjonen er at det skal kome artiklar frå begge presentasjonane.

Begge presentasjonane skapte interesse og diskusjon hos tilhøyrarane. Med omsyn til den felles presentasjonen mellom Cardiff University og HVO utrykte forskarar som heldt presentasjonar i same økta interesse for å knyte seg til den komparative forskinga vår.

Med omsyn til den andre presentasjonen peikte leiaren for presentasjonsøkta på klare fagleg sambandsliner mellom forskinga til Ekeland og Myklebust og andre innslag under økta, så også her kan det ligge an til nytt samarbeid i tida som kjem.

Del på