Nyttårshelsing frå rektoratet: mange moglegheiter for HVO i framtida
I 2024 hadde Høgskulen i Volda auke i tal studentar, rekordmange toppkompetente og godkjent doktorgrad. Det er eit godt utgangspunkt for utvikling vidare.
Vi nærmar oss slutten av 2024, og eit nytt år står for døra. Studentane har fullført eksamenane sine, og dei førebur seg på eit nytt år. Mange deler erfaringane sine og oppmodar vener og familie til å søke seg til Volda i 2025. Vi tilsette har bidrege til at studium, forsking, utvikling og drift har gått smidig gjennom året. Og vi vonar alle har fått lada batteria, og gjort noko kjekt for dykk sjølve i juledagane.
Noko av det kjekkaste gjennom året som har gått har vore å feire fleire viktige framsteg for HVO saman med kjekke kollegaer. Det som verkeleg har gitt oss mest glede, er å sjå alle engasjere dykk i det de elskar: Forskaren som deler sin nyaste publikasjon, studenten som strålar på scena under revyen, eller som får ny giv etter ei spennande praksisperiode, og kollegaene som fortel om spennande og morosame opplevingar. Det er desse augneblinka som skapar Høgskulen i Volda. Vi må ta vare på og styrkje samtalane og samarbeidet mellom oss, både i kvart enkelt fagmiljø – og på tvers. Når studentar, tilsette og fagmiljø jobbar saman, når vi viktige mål.
Høgskulen forvaltar viktige utdanningar og forskingsmiljø som gjer nytte i lokalsamfunnet, regionen, landet og verda. Som mange andre må vi gjere ulike val for å tilpasse oss framtida. Då er attraktive utdanningar og forskingsmiljø det viktigaste vi arbeider for.
Utdanningar for framtida
Det er fleire studentar i 2024 enn i 2023 på Høgskulen i Volda. Høgskulen har vel 4 440 registrerte studentar, noko som er veldig bra jobba av alle ved institusjonen. Særleg godt jobba er det i ei uroleg tid med nedgang i søkartala gjennom Samordna opptak.
For fleire av studia våre er den nasjonale trenden nedgang i søkarar. Det er utfordrande for oss, og derfor er det gledeleg å sjå at ulike miljø arbeider godt for å skape nye tilbod, freiste fleire til å søke og styrke utdanningane, praksis og forskinga. Noko av svaret er allereie på plass med auka satsingar på etter- og vidareutdanning, satsing på nye utdanningar og doktorgradsutdanning. Og vi opplever at det vert arbeida godt med fornying av eksisterande studium og marknadsføringa av desse for å trekke til oss fleire studentar. Men vi har framleis nye råser å tråkke opp, og det gjer vi best saman.
I desember vart det klart at styret tildeler pris for kvalitet i utdanninga til Ingvild Sande Lillebø for hennar systematiske arbeid for å auke kvaliteten i formidlinga av jussfaget. Dette er eit viktig symbol på mykje av det svært gode kvalitetsarbeidet som vert gjort både av vitskaplege og administrativt tilsette ved Høgskulen i Volda.
Auka forsking og vitskapleg kompetanse
Høgskulen i Volda har fleire toppkompetente enn nokon gong, både i tal toppkompetente og i andel vitskaplege årsverk. No har heile 18,4 prosent av dei vitskaplege tilsette toppkompetanse. Det er høgare enn dei fleste samanliknbare institusjonane. Saman har vi gjort eit kjempeløft på seks prosentpoeng over berre to år. Dette er styrkt av at vi i 2024 har hatt mange opprykk til professor. Mest spektakulært var det då vi fekk heile tre nye professorar på ein dag.
Med fleire i toppstillingar har vi eit godt grunnlag til å auke talet på publiserte vitskaplege artiklar per tilsett. Det må framleis opp. Vi må støtte kvarandre i det viktige forskingsarbeidet kvar einskild tilsett gjer. Det har vore ei medvite styrking av forskingskulturen over tid, og det er viktig å halde fram. Vi brukar satsingsmidlar på fleire målretta løp for å kvalifisere tilsette til første- og toppkompetanse. Det har også gitt gode resultat for både einskildtilsette, fagmiljø og dermed heile forskings- og utdanningsmiljøet.
Det viktigaste tiltaket HVO har gjort og gjer for å sikre Høgskulen i Volda som institusjon – og ikkje minst utviklar av ny kunnskap for framtida, er å etablere eit eige ph.d.-program i utdanning, språk og kultur. Det har vi fått godkjent fordi vi har sterke fagmiljø. Å etablere ein ny doktorgrad har vore topp-prioritet for styret, leiinga og fagmiljøet ved høgskulen. Fleire stipendiatar som tek doktorgrada si på eit av våre to ph.d.-program vil framover bidra til auka forskingsaktivitet ved Høgskulen i Volda. Den nye doktorgrada måtte sjølvsagt feirast med kake!
Vi ser at det skjer mykje bra arbeid for å auke den samla kompetansen vår. Eit prosjekt som fekk støtte frå Noregs forskingsråd er eit prosjekt retta mot å auke kjønnsbalanse og mangfald i akademia, eit prosjekt vi har god tru på også inn i 2025. Vidare er jo den årlege tildelinga av FoU-prisen ein viktig påminning om alle dei dyktige enkeltforskarane har, og i år gjekk prisen til professor Knut-Willy Sæther.
Høgskuleområdet
Også på høgskuleområdet har det skjett mykje gjennom året, og tidleg i året kunne vi igjen ta i bruk Hans Strøm-huset som vart offisielt opna etter rehabilitering. Her kan tilsette og studentar boltre seg i nyoppussa lokale.
Huset er oppkalla etter Hans Strøm (1726-1797), som var djupt oppteken av folkeopplysing, og engasjementet hans for utdanning og kunnskapsdeling er ein arv vi stolt byggjer vidare på ved Høgskulen i Volda. Og kort tid etter sa vi eit endeleg farvel til Ivar Aasen-huset.
Studentar
Det er studentane som skapar liv og røre ved Høgskulen i Volda. Og det kjenst litt vemodig og merkeleg stille fram mot jul og sommar når studentane reiser ut av bygda. Om saknet blir for stort så bør de sjå att denne helsinga frå journaliststudentane..
Vi kan også glede oss over at etter pandemiåra har mykje av den frivillige studentaktiviteten auka igjen. Det har vore utruleg kjekt å vere med på – også som frivillig – å sjå korleis studentane skapar fantastiske inkluderande og kjekke arenaer gjennom frivillig arbeid.
Dette er også eit godt høve til å takke Studentparlamentet for solide bidrag til utvikling av Høgskulen i Volda.
Sist, men ikkje minst ønskjer vi igjen å takke for alt de har gjort i 2024 – og ser fram til vidare utvikling av Høgskulen i Volda i 2025.
Beste helsingar frå prorektor Eirik Søvik og rektor Odd Helge Mjellem Tonheim