Ho får prisen for utdanningskvalitet

Høgskulelektor Ingvild Sande Lillebø får prisen for kvalitet i utdanninga ved Høgskulen i Volda i 2024.

Ingvild Sande Lillebø.

Prisvinnar Ingvild Sande Lillebø ønskjer å dele heideren med kollegiet ved Avdeling for samfunnsfag og historie, både i faglege og i administrative stillingar.

Tekst: Steinarr Sommerset, Foto: HVO / Vilde Moltudal Igland

- Oppdatert

Del på:

Prisen for kvalitet i utdanninga ved Høgskulen i Volda (HVO) i 2024 går til høgskulelektor Ingvild Sande Lillebø ved Institutt for planlegging, administrasjon og samfunnsfag (IPAS).

– Ho jobbar systematisk med kvalitet og utmerkjer seg ved å tilpasse jussfaget til samfunnsfaglege studentar ved HVO på ein praktisk relevant måte. Ho formidlar også aktivt eigne erfaringar til kollegaer og gjennom publisering, seier HVO-rektor Odd Helge Mjellem Tonheim om årets prisvinnar.

– Sande Lillebø er dessutan dyktig til å leggje vekt på kommunikasjon og samspel med studentane i arbeidet sitt, rosar rektoren vidare.

Det er studentar og tilsette ved HVO som nominerer kandidatane til den årlege pristildelinga. Målet med utmerkinga er å heidre nokon som har gjort ein markert innsats med å utvikle utdanningskvaliteten innanfor eit fagområde, studium eller emne ved HVO.

– Ekstra kjekt å sjå studentane meistre juss

– Dette var overraskande og uventa, men veldig kjekt, fortel ein glad prisvinnar når vi tek kontakt for å gratulere.

Ingvild Sande Lillebø (39) kjem frå Volda har arbeidd ved Høgskulen i Volda sidan 2018. Ho er utdanna jurist ved Universitetet i Bergen og jobba åtte år i Helfo før ho kom til høgskulen.

Kva likar du best ved det å undervise?

– Å vere med på læringsprosessen til studentane! Særleg å sjå at studentane får eigenmotivasjon til å lære meir om juss, at dei er nysgjerrige og etter kvart gjer juridiske resonnement på eiga hand, fortel ho.

Lillebø ser at mange studentar synest juss er vanskeleg i starten.

– Då er det ekstra kjekt å sjå når dei meistrar. Det er også kjekt å høyre frå tidlegare studentar at dei har nytte av den juridiske kunnskapen sin i arbeidslivet.

Ein av fleire grunnar til at ho får prisen for utdanningskvalitet, er at ho har ei kritisk utforskande tilnærming til samspelet mellom fysisk klasserom og Canvas – den digitale læringsplattforma HVO-studentane bruker.

– Eg likar godt å bruke digitale verktøy på nye måtar i undervisninga. Litt prøving og feiling må til for å finne det som fungerer.

Tek med studentane inn i rettssalen

Ingvild Sande Lillebø underviser i emna Politikk, makt og juss og Innføring i forvaltings- og miljørett, som inngår i bachelorgraden Samfunnsutvikling ved HVO. I tillegg underviser ho i tema innanfor forvaltingsrett, planrett og arbeidsrett i andre emne.

Blant bachelorstudentar kan spennet i alt frå erfaring til drivkraft vere stort. Lærarar som skal nå godt gjennom til ei heil gruppe studentar, må derfor kunne både å formidle og å motivere – og gjerne brenne for faget sitt.

Vi spør om prisvinnaren har eit yndlingstema å forelese om.

– Juridisk metode! Det er heilt avgjerande for å forstå den juridiske tenkjemåten og kunne ta stilling til rettsspørsmål. For å vise studentane dette i praksis så har vi både vore tilhøyrarar i rettssaker i tingretten og vore på besøk til advokatkontor for å lære meir om deira kvardag, fortel Lillebø.

Ho dreg også fram dagsaktuelle problemstillingar frå forvaltnings- og miljøretten, som vindkraftkonsesjonar og bygging i strandsona.

– Eg underviser i fleire rettsområde, og den siste forelesinga for i år handla mellom anna om det arbeidsrettslege kvalifikasjonsprinsippet som gjeld i tilsetjingssaker. Ganske kjekt, det også!

Miljøet ligg til rette for å utvikle kvalitet

Å skape kvalitet er sjeldan soloarbeid, og den ferske prisvinnaren vil også drage fram kollegiet og fasilitetane ved HVO.

– HVO har mange dyktige undervisarar og legg til rette for ulike delingsarenaer ein kan nytte seg av. Læringsverkstaden har eit unikt tilbod med læringsressursar, og høgskulepedagogikkemna er veldig verdifulle. Det skadar heller ikkje å ha gode kollegaer som deler på undervisningserfaringar og lure «tips og triks» i Canvas.

Lillebø vil også trekkje fram kvalitetane til det nyoppussa Hans Strøm-bygget ved Høgskulen i Volda, som studentane og kollegaene hennar ved Avdeling for samfunnsfag og historie har stor glede og nytte av.

– Vi er heldige som har undervisningslokale som er tilpassa ulike studentaktive læringsformer her. Det fysiske læringsmiljøet gjer det mogeleg å teste ulike undervisningskonsept.

Prisvinnaren ønskjer å dele heideren med kollegiet ved avdelinga si, både i faglege og i administrative stillingar.

– Eg vil takke for den gode delingskulturen vi har. Eg vil også rette ei takk til juristane ved HVO for dei gode diskusjonane om juridisk fagdidaktikk og metode og for samarbeidet i prosjektet om jussundervisning som vi jobbar med. Og ikkje minst: Takk til studentane for engasjement og innsats, avsluttar Ingvild Sande Lillebø.

Del på: