HVO-tilsette til konferanse i Mexico
Tre tilsette frå Høgskulen i Volda skal utgjere eit panel ved årskonferansen til Latin American Studies Association (LASA), som blir arrangert i Guadalajara i Mexico 13. – 16. mai.
Tre tilsette frå Høgskulen i Volda skal utgjere eit panel ved årskonferansen til Latin American Studies Association (LASA), som blir arrangert i Guadalajara i Mexico 13. – 16. mai.
Denne konferansen samlar om lag 5000 deltakarar årleg, og er eit viktig forum for formidling av ny kunnskap om latinamerikanske samfunn og kulturuttrykk.
Panelet heiter Emergent Digital Publics in Latin America, og utforskar framveksten av digitale offentlegheiter i latinamerikanske samfunn. Det blir særleg fokusert på bruken av sosiale medium til å skape alternative offentlege sfærar for debatt, styring og sosial protest. Dei som skal presentere i panelet er stipendiat Anne Natvig (Avdeling for mediefag), førsteamanuensis Eirik Hammersvik (Avdeling for sosialfag og historie) og førsteamanuensis Margit Ystanes (Avdeling for sosialfag og historie) frå HVO, stipendiat Sterre Gilsing ved Universitetet i Utrecht og stipendiat José Alejandro Huidobro Goya ved Universitetet i Bergen.
Alle deltakarane i panelet er medlemmer av ei nystarta forskingsgruppe ved HVO, Digital kultur og offentlegheit. Denne gruppa utforskar mellom anna kva moglegheiter og avgrensingar digitale medium kan gje for deltaking i det offentlege rom. I latinamerikanske samfunn har det dei siste åra skjedd mykje nybrottsarbeid med tanke på korleis digitale medium kan brukast politisk og i offentlegheita. Blant anna har bruken av sosiale medium vore viktig for mobiliseringa og organiseringa av protestbevegelsar i fleire land, samstundes som «falske nyhende» spela ei viktig rolle i valkampen til noverande president Jair Bolsonaro i Brasil. Forskargruppa ved HVO ser fram til både å presentere si eiga forsking ved konferansen, og til å oppdatere seg på andre si forsking på digital offentlegheit.