Idar Flo har disputert ved UiO

Tekst: Geir Tangen

- Oppdatert

28bd211a1afd3fc6c1da5dee97538f7f

Avhandlinga undersøker i kva grad Filmavisa (Norsk Filmrevy) bidrog til å legitimere det re-etablerte demokratiet i dei fyrste etterkrigsåra. I frå premieren 21. mai 1945 og i dei komande årgangane gav Filmavisa si framstilling av rettsoppgjeret, minneproduksjonen etter krigen og den fysiske og moralske gjenreisinga av landet.

I Fellesprogrammet blei det uttrykt eit sterkt ønskje om å gjenskape tilliten til statsmakta etter fem års diktatur, og den såkalla «Opplysningskomiteen for gjenreising» gav Filmavisa i oppdrag å skape entusiasme og spreie informasjon kring gjenreisingsarbeidet. Her fekk Filmavisa spele ei sentral rolle, kor ho gjennom kombinasjonen av lyd og bilde «oversatte» kompliserte samfunnsspørsmål til eit breidt publikum.

Ein hovudkonklusjon er at Filmavisa legitimerte det re-etablerte demokratiets gjenreisingspolitikk ved å sette det innanfor ei einsretta tolkingsramme kor både rettsoppgjeret og den fysiske gjenreisinga blei framstilt som fornuftig og rettvis. Dette blei understøtta ved at minnene etter krigen blei satt i ei tolkingsramme kor nordmenn hadde ei moralsk plikt til å gjenreise landet, og for alltid minnast dei som gav livet sitt for fedrelandet.

Rettleiarar for avhandlinga har vore professor emeritus Hans Fredrik Dahl, Universitetet i Oslo, og førsteamanuensis Rolf Werenskjold, Høgskulen i Volda.

Idar Flo er tilsett ved Avdeling for mediefag, Høgskulen i Volda.

På heimesida til Universitetet i Oslo finn du meir informasjon om disputasen og avhandlinga til Idar Flo.

Del på