Kammermusikkfestivalen – opne foredrag

Tekst: Per Arne Brandal , Foto: Sunnmøre kammermusikkfestival satsar på ungdommen. Her frå Draumekonserten i fjor.

- Oppdatert

Sunnmøre kammermusikkfestival er meir enn konsertar med tilreisande artistar i verdsklasse. Festivalen byr også på programpostar som foredrag, meisterklassar, gratiskonsertar, konsert med unge musikarar frå kulturskulane og talentkonkurranse. Tre av fire foredragshaldarar er tilsette ved Høgskulen i Volda.

 

Musikk i eldreomsorga

Årets rekke av foredrag opnar med «Musikk som helsebringande aktivitet i eldreomsorga» måndag 3. september kl. 12.00 i Henrik Kaarstad-huset på Høgskulen i Volda. Øystein Salhus er fiolinist og høgskulelektor i musikk ved Høgskulen i Volda og har jobba mykje med å bruke musikk på ulike måtar i omsorgstenestene.  

Forelesinga passar for alle, men spesielt innretta for dei som arbeider innan eldreomsorg og for dei som arbeider med kulturformidling.

 

Musikken som metafor og veg til livsforståing

Magnar Åm er komponist og professor II ved Høgskulen i Volda. Han skriv dette om foredraget sitt som han skal halde måndag 3. september kl. 19.00 på Volda bygdetun: «Musikken som metafor, og metaforen som veg til livsforståing» er ei lang tankerekke, som ein medvitsstraum, skriven ned over ein periode på ca. eitt år, då eg tok bussen til Ålesund og tilbake to gonger i månaden. På desse bussturane hadde eg med meg ei skrivebok, der eg kvar gong tok opp tanken frå førre tur og tenkte vidare. Resultatet vart ei samanfatting av livsfilosofien, musikkfilosofien og undervisningsmetodane mine.»

 

Musikk i skjeringspunktet mellom inn- og uttrykk

I eit foredrag i Aasentunet tysdag 4. september vil pianist og komponist Wolfgang Plagge fortelje om musikk i skjeringspunktet mellom «inn- og uttrykk.» Han skriv i førehandomtalen: «All kommunikasjon oss menneske imellom inneheld element av musikk. Tonefall, rytme og dynamikk er nødvendig for at vi skal kunne gjere oss forstått og for sjølv å kunne forstå. Men skiftande tider, nye erkjenningar og endra livstilhøve pregar oss og historia vår ustanseleg. Musikkhistoria er difor like mykje ei forteljing om utvikling som om kommunikasjon, og forteljinga heng saman med våre eigne erkjenningar og erfaringar som menneske i tida. Kan vi påverke utviklinga, eller påverkar utviklinga oss? Treng vi bakgrunnskunnskap for å ha utbyte av eit musikalsk uttrykk som var sjølvsagt for folk for hundre år sidan? Vil menneska i framtida ha interesse for musikken frå tida vi lever i no? Kva skjedde med affektlæra? Kvar vart det av dur/moll-estetikken? Visste Mozart at han var wienerklassikar? Er musikalsk evolusjon eit evigvarande prosjekt? Finst her ein slutt på utviklinga?»

 

Sendar og mottakar – kven gjev musikken meining?

Det er noko med «live music» – dette med å gå på konsert og oppleve at musikken bli skapt og formidla som lydbølgjer i lufta – der og då. Dette er noko anna enn å sette på CD-en, finne låten på Spotify eller sjå videoen på YouTube. Men kva meining er det å finne i musikkframføringa, og korleis oppstår den?

Torsdag 6. september kl. 14.00 på Høgskulen i Volda vil Elizabeth Oltedal, førstelektor i musikk  ved Avdeling for kulturfag på Høgskulen i Volda, gje eit innblikk i det fascinerande samspelet mellom musikalsk og ekstramusikalsk meining, musikarens meldingsrepertoar og publikum.

 

Sjå nettstad med program m. m.

Frå venstre: Wolfgang Plagge, Magnar Åm, Øystein Salhus, Elizabeth Oltedal.

Del på