Kim-Daniel Vattøy har disputert ved NTNU

Tekst: Geir Tangen

Kim-Daniel Vattøy disputerte 23. oktober 2020 for ph.d.-graden ved NTNU med avhandlinga: Feedback practice as responsive pedagogy in teaching English as a foreign language.

Kva skal til for å skape ein tilbakemeldingspraksis som fremjar dialog, refleksjon og meistringstru mellom lærar og elevar i engelskundervisninga? Dette er eit viktig spørsmål for at undervisninga skal opplevast som relevant. Responsiv pedagogikk handlar om ein læringsstøttande dialog mellom lærar og elev.

Tilbakemelding har blitt identifisert som eit utfordrande område for lærarars undervisningspraksis i den internasjonale forskingslitteraturen. Elevar og lærarar har ofte rapportert sprikande meiningar om nytten av tilbakemeldingar. Ei sentral utfordring er idéen om tilbakemelding som ei «gåve» som blir gitt til elevar. 

Det er behov for meir kunnskap om kva som er særlege utfordringar og moglegheiter knytt til tilbakemeldingspraksis i engelskundervisninga i ungdomskulen. Ungdomsskulen er ei viktig overgangstid i livet for elevar som stadig utviklar eigen språkidentitet som engelskbrukarar. Responsiv pedagogikk kan føre til dialogar mellom elevar og lærarar som gir meistringstru og støtte til læring.

Doktorgradsavhandlinga til Vattøy undersøker vilkår som legg til rette for ein tilbakemeldingspraksis som er inspirert av responsiv pedagogikk i engelskundervisninga i ungdomskulen. Forskinga er gjennomført i norsk ungdomsskule og undersøker tre ulike perspektiv: kva som skjer i klasserommet (videoopptak), kva elevane tenker (spørreskjema) og kva lærarane meiner (individuelle intervju).

Vattøy fann at relevansen av eit tankeskifte mot tilbakemeldingsdialogar på engelsk i klasseromsundervisninga er eit viktig men lite utnytta område. Tilbakemeldingane er ofte monologiske og korrigerande framfor fagleg støttande til vidare dialog og refleksjon. 

Elevane rapporterer at dei får meir nytte av tilbakemeldingane om dei har høg meistringstru, god forståing av læringsmåla og føler seg i stand til å regulere eiga læring. Likevel representerer dette også eit utfordrande område ved tilbakemeldingspraksisen i engelskundervisninga. 

Tilbakemelding som støttar elevane si tru på eiga meistring og samstundes er i samspel med elevane sin engelskkompetanse og deira erfaringar er eit viktig satsingsområde for undervisningspraksis i ungdomskulen.

Vattøy er tilsett ved Institutt for språk og litteratur, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, Høgskulen i Volda.

På heimesida til NTNU finn du meir informasjon om disputasen og avhandlinga til Vattøy.
 

 

 

Del på