Kom inn i Det potensielle romet

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

- Vi er stolte over å kunne by på eit spanande og variert program, seier Signe Valsø, prosjektleiar for seminaret og leiar ved Kontor for etter- og vidareutdanning ved Høgskulen i Volda. - Eit viktig mål for oss er å styrke relasjonar og forståing mellom kunstnarar og skuletilsette. Vi meiner dette på sikt vil gje betre kulturproduksjonar i skulen.

Av programet kan vi nemne:

Barn sitt behov for å møte kunst og kultur i kvardagen
v/May Helen Molvær Grimstad, leiar av Familie- og kulturkomiteén

Korleis kan skulen ta i mot kunstuttrykk?
v/Carl Morten Amundsen, teatersjef ved Teatret vårt

Ein modell for kommunal integrert koordinering?
v/Magne Fylling, lærar og kulturkontakt i Skodje kommune

På kunsten eller skulen sine premissar?
v/Aud Folkestad, medlem av Norsk kulturråd og leiar av Fagutvalg for barn og unge. Frå 01.08.07 også dekan ved HVO, Avd. for kulturfag

Programmet innheld også ei kveldsøkt som startar med open scene der publikum og deltakarar får høve til å sjå nokre av produksjonane som er i arbeid, og som på sikt skal ut i skulen. Til slutt får ein eit unikt høve til å oppleve koponisten, Magnar Åm, sin undervasskonsert i varmtvassbassenget på sjukehuset. Denne konserten er ein smakebit på kva ein skal kunne oppleve når innOvata blir realisert.

Program for torsdagen er i samarbeid med Forskingsdagane med tema Møremusikk - lite kjent vellyd

Les meir om seminaret og Prøvekluten 2007 på www.hivolda.no/provekluten

Del på