Konferanse om kompetanseutvikling i helse- og sosialsektoren

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Korleis skal helse- og omsorgssektoren i Møre og Romsdal møte framtidas kompetansebehov? Det er hovudtema på ein konferanse Helse Møre og Romsdal, Høgskulen i Volda, Høgskolen i Molde, NTNU Ålesund og Møre og Romsdal fylkeskommune arrangerer i Volda i dag.

Konferansen tek opp tema som er aktuelle for politikarar, leiarar, tillitsvalde, forskarar og fagpersonar i offentleg sektor, og særleg dei som jobbar i eller inn mot helse- og sosialsektoren.

Behov for møteplassar og samarbeid

Konferansen opna med helsingar frå alle institusjonane som står bak konferansen. Ein bodskap som gjekk att i helsingane var at alle har utfordringar knytt til å få høg og rett kompetanse på området.

– Vi treng regionale møteplassar. Ved å møtast og utveksle erfaringar kan vi i fellesskap vere med å utvikle Møre og Romsdal vidare, sa rektor ved Høgskulen i Volda Johann Roppen.

Samarbeid om Ph.d.-utdanning i helse- og sosialfag.

Små institusjonar må samarbeide

Fylkesplansjef i Møre og Romsdal fylkeskommune Ole Helge Haugen peika på at der er mange små institusjonar innan sektoren i Møre og Romsdal.

– Denne konferansen er eit flott initiativ. Gjennom samarbeid kan dei små institusjonane våre bli store. Kampen om kompetanse er også kampen om å lykkast i ein region. Den som vinn kampen om kompetansen, vinn også kampen om regional utvikling, sa han.

Annik Magerholm Fet, viserektor ved NTNU Ålesund, kunne opplyse at Institutt for helsevitskap i Ålesund no er ein del av det største helsefakultet i Noreg med aktivitet i Trondheim, Levanger, Gjøvik og Ålesund og at dei har eit omfattande samarbeid med ulike aktørar i samfunnet.   

Krevjande framtid

Torsten Hole er fagdirektør i Helse Møre og Romsdal. Han peika på at kompetanseutvikling og innovasjon er avgjerande for å halde oppe kvaliteten på tenestene i helse- og omsorgssektoren i framtida.

– Utan innovasjon vil systemet kollapse, åtvara han.

Steinar Kristoffersen, rektor ved Høgskolen i Molde, kunne ikkje vere med på konferansen, men hadde sendt ei helsing på video. Han peika mellom anna på at ressursane som i dag krevst til å drive forsking på høgt nivå er store og at samarbeid difor er viktig.

Les meir om konferansen.

Frå venstre: Fylkesplansjef Ole Helge Haugen (MRFK), fagdirektør Torstein Hole (HMR), viserektor Annik Magerholm Fet (NTNU Ålesund), rektor Steinar Kristoffersen (Høgskulen i Molde).

Del på